Kosterøyane

Finn du ikkje freden her, er det ikkje staden som er problemet.

Bilar bråkar. Særleg når dei har stor fart. Der kjem ein trailer til. Den vil forbi, men må vente til vi har passert neste sving. Då gir den gass, to tunge vogner med singel treng litt hestekrefter for å flytte på seg, det høyrer vi.

Nokre timar seinare er vi igjen på sykkelsetet. Asfalten er byttta ut med grus, og lyden frå store dieselmotorar er bytta ut med fuglesong. Ko-ko, ko-ko syng gauken borti høgget. Vi syklar langs nyutsprungne syrinhekkar og velstelte hagar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi er på Syd-Koster, den vestlegaste øya i Sverige, ein time med båt frå Strømstad. Her er det ikkje lov å køyre bil, det er smale grusvegar på kryss og tvers over øyane.

Nasjonalpark

Koster består av to store øyar: Nord-Koster og Syd-Koster. Rundt omkring er der masse småøyar, og nasjonalpark både over og under vatn. Livet i havet rundt koster er så spesielt at det har blitt freda. I Kosterhavet fins mange sjeldne arter, og Sveriges einaste korallrev.

Eg har hatt lyst til å ta denne turen lenge, og har hovudet fullt av planar om alt eg vil sjå og fotografere.

Det er uvanleg varmt for årstida får vi høyre. Mellom 25 og 30 grader i skuggen. Når eg skal til varmare land passar eg alltid på å betille rom med aircondition.

Men eg tenkte ikkje på det når eg skulle til Sverige i mai månad og bu på desse øyane langt ute i havet. Leiligheten vi har funne på Syd-Koster gjennom airB&B har svart tak og ingen luftkjøling. Der inne er det endå varmare enn ute.

Eg er så klar for å starte med utforskinga av øyane og fotograferinga, men det er for varmt. Her er det berre ein ting å gjera, vå må hoppe i havet.

Strender

Strendene er aldri langt unna på Koster, det er fine sandstrender på alle sider av øyane. Dennen gongen tek det to minutt å kome seg til stranda. Det er kaldt i vatnet, kanskje 13 grader. Her nyttar det ikkje å stå og lure, vi må berre springe.

Vi spring utover den mjuke sanden og slengjer oss i den krystallklare sjøen. For ein følelse det er å dyppe det glovarme hovudet i det iskalde vatnet. Vi skrik og hojar og syns vi har kome til paradiset der vi er heilt åleine på stranda.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bomtur

Om ettermiddagen vil vi til Nord-Koster. Her bur det mindre folk enn i sør, og store deler av øya er naturreservat. Framme ved ferja som går over det smale sundet frå sør til nord er det veldig stille. Ikkje eit menneske å sjå. Ferja har tatt kveld.

Vi hadde gledd oss til å dra til Nord-Koster og sjå sola gå i havet. Det verste er at det står ingenting vom at ferja går neste dag heller. Kanskje vi ikkje kjem oss til Nord-Koster?

Slukøra syklar vi sørover igjen. Vi går ned til stranda på nordvestsida av Sør-koster. Her vandrar vi i kveldssola mellom gamle naust og sandstrender.

Vi er heilt åleine, her er fugleliv og ein rik strandflora i bergsprekkene. Eg vassar over ei lita bukt, og masse små flyndrer kjem og kyssar meg på føtene. Det blir ein uforgløymeleg kveld. Vi har ein liten prat om å vera til stades.

Vi ville få med oss alt av Nord-Koster, det kunne blitt ganske masete. I staden fekk vi ein roleg tur der vi hadde tid til å berre vera og oppleva.

Joda, vi kom oss til Nord-Koster neste dag. Det var opmtrent like vakkert som i sør, men kanskje lærdomen frå kvelden før var like viktig.