SAMARBEID: – Gjennom eit samarbeid og samvirke mellom tradisjonelle og nye misjonsrørsler skal me saman vidareføra misjonsoppdraget, skriv Olav Vestbøstad. Biletet er frå ei kyrkje i Indonesia.

Korleis kan me hjelpe dykk?

Det er mange piler som peikar nedover for misjonsrørslene i vesten. Då er det velsigna godt å verte minna om at det står brennande og glødande kristne sysken rundt i verda som rekkjer ut handa til oss.

Ein viktig motivasjonsfaktor i misjonsarbeidet er å hjelpe folk rundt i verda på ulikt vis. Mange har ikkje kjennskap til evangeliet, og som kristne har me eit ansvar for å dele det med andre. Dette har skjedd gjennom forkynning av dei gode nyhenda, ved å gi utsette grupper helsestell, skulegang og skriftspråk.

I seinare tid har det også vore fokus retta på spesielt sårbare grupper. Gjennom heile misjonshistoria har forkynning og gode gjerningar gått hand i hand. Mange unge og eldre har reist frå Noreg med motivasjon om å hjelpe medmenneske i andre delar av verda, både for dette livet og for æva.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nyleg møtte eg kristne leiarar frå det me kan kalla eit tradisjonelt misjonsland. Dette er modne kristne med stort ansvar, brei kunnskap og mykje erfaring. Dei spurde meg og andre internasjonale misjonsleiarar fylgjande spørsmål: Korleis kan me hjelpe dykk? Kva er det de ser at de treng av oss for at de skal kunne gjere arbeidet dykkar på ein betre måte?

I møte med dette spørsmålet hadde eg ulike kjensler.

For det fyrste kjende eg meg glad. Misjonsarbeidet har bore frukt! Det arbeidet som har vore drive i tiår etter tiår, med gleder, men sanneleg også med skuffelsar og vonbrot, har lukkast. Det har blitt planta lokale kyrkjer med lokale kristne som tek ansvar og som ynskjer å bidra til at evangeliet skal nå endå lengre ut.

Arbeidet dei står i ser annleis ut enn det kristne arbeidet i Noreg. Dei har heilt andre strukturar og gjer ting på ein annan måte. Likevel ynskjer dei å gå saman med oss vidare.

Det gjer meg også audmjuk. Dei har mange erfaringar og typar kompetanse me vestlege ikkje har. Dei kjenner dei lokale tilhøva endå betre enn oss. Likevel ynskjer dei å gå saman med oss vidare. Det er fort gjort å tenkje at når det har vakse fram lokale kyrkjer og organisasjonar som fungerer etter måten godt ut frå den lokale situasjonen, kan dei seie at no treng me ikkje ha kontakt med dykk frå vesten lengre, me klarar oss sjølve og vil helst gjere ting på vår måte! Slik ser det ikkje ut for at dei tenkjer.

Tradisjonelt har det vore tenkt at eit mål med misjonsarbeidet er å plante kyrkjer som er sjølvstyrte, sjølvfinansierande og sjølvutbreiande. I tillegg har det vore sagt at ein også ynskjer at dei nye kyrkjene skal vera sjølvteologiserande. Dei skal ikkje berre overta den teologien som har vakse fram ut frå lokale forhold i Vest-Europa eller USA, men skal ha ein eigen teologi som har teke evangeliet inn i den lokale kulturen.

Dei kristne eg møtte scorar høgt på alle desse kriteria. Då kunne dei fort tenkt som så at no klarar dei seg sjølve. I staden stiller dei seg opp og spør korleis dei kan hjelpe oss vestlege organisasjonar slik at me saman kan nå endå lengre, kan nå endå fleire, kan arbeide endå meir målretta, breiare og endå meir effektivt.

Dette møtet vart ein skikkeleg vekkjar for meg. Ein viktig del av min identitet, også som misjonsleiar, er at eg har noko å bidra med som dei andre treng. Det er difor eg er engasjert i misjonsarbeidet. Me skal dele, gi, utruste, undervise og støtte. Samtidig vart det tydeleg at dette er ikkje noko me skal gjere åleine.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I dag er det vanleg å seie at misjon går frå alle stader til alle stader. Det er ikkje lett å definere kven som er dei som sender og kven som er mottakarar. Dei store trendane innan misjon er at talet på utsendingar frå vesten går ned medan det stadig vert fleire misjonærar frå det globale sør.

Dette betyr likevel ikkje at misjonærane frå det globale sør skal overta misjonsoppdraget. Gjennom eit samarbeid og samvirke mellom tradisjonelle og nye misjonsrørsler skal me saman vidareføra misjonsoppdraget. Oppdraget er ikkje fullført. Det er heller ikkje slik at nokre kristne har monopol på misjonsoppdraget, medan andre kristne kan dra seg unna ansvaret.

Det er mange piler som peikar nedover for misjonsrørslene i vesten. Dette kan føre til mismod. Då er det velsigna godt å verte minna om at det står brennande og glødande kristne sysken rundt i verda som rekkjer ut handa til oss i vesten og spør: Korleis kan me hjelpe dykk slik at me saman kan fullføra misjonsoppdraget?

Olav Vestbøstad er regionleder for Indonesia, Japan og Stor-Kina i Norsk Luthersk Misjonssamband