Klimakrise eller verdidebatt?

Det er sunn fornuft og verdiskaping som byggjer framtida for ungdomane våre, ikkje meir klimahysteri og skattar i form av klimaavgifter som ingen veit kvar blir av.

Det er heilt utruleg korleis denne klimadebatten er blitt eit altoppslukande tema i både denne og førre valkamp. Noreg er eit lite land. Det er viktig at vi held det reint og vakkert både for innbyggjarar og turistar, men å tru at det er vi nordmenn som kan redde verda om vi erklærer klimakrise i byane og let vere å ete kjøt, så er vi blitt heilt forblinda av denne store klimaballongen.

I atmosfæren har vi 78 prosent Nitrogen, 21 prosent O2, nesten 1 prosent Argon, 0.04 prosent CO2 og litt andre gassar. Utveksling mellom hav- luft, forråtnelse, fotosyntese, vulkanar og skaping/oppløysing av karbonater, er mykje større enn den påverknad menneska har i naturen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er vanskeleg å bevise kva klimaendringar som er menneskeskapte. Ein kan heller ikkje bevise at der er noko samanheng mellom atmosfærisk CO2-innhald og temperatur. CO2-innhaldet har vore 20 gonger høgare enn det er i dag utan at det var varmare.

For kvart menneskeskapte CO2-molekyl i atmosfæren fins det mellom 100.000–200.000 andre molekyl. Då er det vanskeleg å forstå at det menneskeskapte molekylet skulle ha noko å seie i det heile.

Det vitskaplege grunnlaget som skal bevise dette (IPCC-rapportane, Interngovernmental Panel on Climate Change, FNs klimapanel) er vitenskap med mange antagelser og sannsynlegheiter – ikkje nødvendigvis vitenskap med bevis.

Vassdamp utgjer cirka 95 prosent av drivhuseffekten i atmosfæren. At meir CO2 gjev meir vatn damp i atmosfæren er ikkje bevist. Til dømes gjev kosmisk stråling meir vatn damp i atmosfæren.

Det gjev oss ei viktig naturleg oppvarming. IPCC-modellane spår global oppvarming fordi dei antar at meir CO2 gjev meir vassdamp. IPCC bekreftar at det ikkje har vore global oppvarming sidan 1998. (Satellittmålingar). Dei er meir pålitelege enn temperaturmålingar på jorda som må vektast ulikt over tid for å bli korrekte.

Cirka 92 prosent av all is fins i Antarktis. På Grønland cirka 7–8 prosent. Gravitasjonsmålinger (NASA) viser at denne isen ikkje smelter. Kjelde: Jevrejevra et al, 2014. Global and planetary change Vol 113, side 11–22. Elsevier Verlag. (Hans Borge, UiS Stavanger)

Det som er sørgjeleg midt opp i det heile er at ordet «klimakrise» og «for mykje klimagassar» er med på å skape stor frykt i ungdomen vår. Det blir sagt at om vi ikkje får ned CO2-utsleppa så har jorda inga framtid.

Det er i alle fall sikkert at det er ikkje Miljøpartiet De Grønne og Venstre med sine miljøskattar som kjem til å klare å redde verda. Ei heller om vi sluttar å produsere olje i Nordsjøen slik Ap-ungdomen vil eller at vi blir vegetarianere. Utan CO2 til fotosyntesen i naturen så vil det gå ille for verdens befolkning!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For meg som politikar er det ikkje klimadebatten, men verdidebatten som er det viktigaste tema i denne valkampen. Kva verdiar skal vi bygge inn i ungdomen vår så dei kan bli trygge og gode foreldre til borna sine? Kva skaper eit godt samfunn for våre framtidige generasjonar? Verdidebatten har vore heilt blåst vekk i dei to siste valkampane.

Det er kjernefamilien som er grunnsteinen i samfunnet, ikkje spørsmålet om eg køyrer på straum eller bensin. Foreldre som har tid til sine born er det som bygger eit trygt samfunn.

Som politikar så har eg også eit ansvar for å jobbe for miljøet, men det skal ikkje ha alt fokus. Sjølvsagt skal vi ha reint drikkevatn til innbyggjarane i nye Sunnfjord Kommune og reinsesystemet for avlaup må vere godt. Plasten må vekk frå natur og hav. Cruiseskipa i fjordane våre skal få strenge miljøkrav. Landstraum byggast ut.

Vindmøllene skal ikkje få øydelegge for fredfull og uberørt natur og sårbart fugleliv. Som politikar endrar eg heller skattereglane så eksisterande kraftverk kan utnyttast betre med høyeffektive turbinar. Det er miljøhysteriet som har fått dei skjemmande vindmøllene opp.

Eg seier ja til forsking på alternativ energi, men akkurat no vil vi få nok straum ved utnytting av eksisterande kraftverk.

Det er sunn fornuft og verdiskaping som byggjer framtida for ungdomane våre, ikkje meir miljøhysteri og skattar i form av klimaavgifter som ingen veit kvar blir av.