– Klimahåp

Berit Hagen Agøy har i Dagen av 12/8 klimakrisa i fokus. Der stiller ho på lag med alle som ser at miljø/klimakrisa er i ferd med å leggja jorda øyde – og trur at dersom me endrar levesett, vil me makta ein snuoperasjon – og berga vår jord.

«Det viktigste vi som kirker kan bidra med er håp.» Det er sant, men kva håp er det ho siktar til? Er det eit håp om at kjeldesortering, sykkelbruk, flaskepant og el-bilbruk skal stoppa jordoppvarminga?

Nei, dette er eit falskt håp. Ho er ikkje ukjend med kva Bibelen seier om jorda si endelykt: Gud har fasiten og kjenner utgangen til denne vår jord og har meldt at tida er ute – jorda går undergangen i møte og brenn opp.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Agøy forvekslar den bibelske framtidsvona dei kristne har til Den Nye Jord – med den miljø/klimafaren som all verda er oppteken av å meistra – og som skal kunna bergast med ei heilhjarta støtte til klimainnsatsen.

Lenger ute i artikkelen nemner ho ei lite påakta sanning: «Klimakrisen er grunnleggende sett resultat av grådig overforbruk av ressursene i den rike del av verden… klimaløsninger som bygger på fortsatt økonomisk og materiell vekst hos oss er urettferdig.»

Dette er realitetar som ingen politikar vågar å ta opp – om han ynskjer attval. Alle ser at det er kravet, håpet om årleg økonomisk vekst som stengjer for klimamåla. Me er fanga inn av den hedonistiske livsstilen – brød og sirkus.

Verda er dømd til undergang, og domen kan ikkje omstøytast. Dei vanakta domedagsprofetane – som ikkje kjende til klimakrisa – peika på ei løysing. Det burde Dnk også gjera, og ikkje som Agøy gjer:

Peika på eit falskt håp når ho skriv: «Klimakrisen er menneskeskapt, vi har ansvar for den. Derfor må – og kan vi gjøre noe med den. Forandring er mulig. I det ligger håpet.» Nei, løysinga er å få tilgang til Den Nye Jord ved å ta i mot Frelsaren.