Kirkesplittende vranglære

Det som avgjer homofilisaka er det modus, det alvor og den styrke Bibelen avviser homofilt samliv med, den måten GT og NT er totalt samstemte i avvising og i styrken i avvisinga.

Svar til professorHarald Hegstad.

Skaparordet er grunngjeving for menneskeverd: «Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. Og Gud velsigna dei og sa til dei: ‹De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk›.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi er skapte i Guds bilete som mann og kvinne, og vi har difor menneskeverd!

Kva betre fundament kan menneske ha under eit livsvarig, heterofilt ekteskap, innstifta og velsigna av Gud?

Vi skal nå, slik den raudgrøne regjeringa har lagt til rette, forstå ekteskapet i eit utviklingsperspektiv, ikkje som ei skaparordning. Dette bed professor Harald Hegstad ved professor Hallesby sittMenighetsfakultet oss om å tolerera! Det er eit krav totalt uforeinleg med både Bibel og vedkjenning. Ein skal sjå bort frå kjønns og skaparaspektet og la menn gifta seg med einannan, kvinner med einannan og ein mann med ei kvinne.

Det er kvalifisert vranglære om kyrkja går med på å utarbeida slik liturgi. Dnk kan ikkje vigsla til samkjønna ekteskap og velsigna noko som er under Guds fordøming. (Rom. 1,24–27; 1.Kor. 6,9; 3.Mos.18,22)

Professor Aksel Valen-Sendstad seier i «Troen og Livet», s. 133: «Dette er et siste og endelig anslag mot Guds skaperordning og er det eksempel Apostelen fremhever blant de mest synlige av alle kjennetegn på frafall og opprør mot Gud. Det viser at de har forlatt Gud og har byttet sannheten ut med løgnen. Disse og andre som bryter Guds bud, skal ikke arve Guds rike sier han.»

At Hegstad vågar å gje inntrykk av at den konservative delen av bispekollegiet godvillig tolererer denne katastrofen i kyrkja, at han nyttar desse biskopane sitt kompromiss som argument for aksept av samkjønna vigsle i kyrkja og at han anfører skilsmisse/gjengifte, som samanliknbart med vigsle av samkjønna, er vel freidig meiner eg.

LES:Åpen folkekirke går for to liturgier

GT, samtidig jødedom, NT og urkyrkja er heilt tydeleg mot homofilt samliv, uttrykt i sterke ordelag, medan GT og jødedom er tydeleg på aksept av skilsmisse. At samkjønna vigsle skulle kunna tolererast i kyrkja av klassiske kristne, fell på sin eigen urimelegheit.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Jesu tale om dei harde hjerter seier oss at skilsmisse ikkje er eit kristent ideal, men har samanheng med menneskeleg svakheit og synd, samstundes tyder likevel Jesu utsegn at han veit vel om den jødiske praksisen i samfunnet generelt. (Mark. 10,5) Jesu tale om skilsmisse og Bibelens tale om homofili er difor i ulik modus. Me veit at Jesus kunne bruka sterke ord. Slike som er ueinig med deg vil sikkert synest det er merkeleg «lite musikalsk» å trekkja dette inn her, Hegstad.

Det kan synast som at du ordlegg deg glatt på vegner av fleirtalet i Oslo Bispedømeråd, MF og det du reknar med vert realiteten i framtidig Dnk medÅpen Folkekirke ved roret.

Eg vonar unge som vil gå inn i kyrkjeleg teneste i framtida ikkje tenkjer som deg, men er så idealistiske at dei søkjer NLA Høgskolen og Fjellhaug, og får i det minste det aller meste av si teologiutdanning der, det er dei beste teologisk konservative utdanningsinstitusjonane me her i landet.

LES OGSÅ:Nå begynner forandringen av Kirken

Det som avgjer homofilisaka er det modus, det alvor og den styrke Bibelen avviser homofilt samliv med, den måten GT og NT er totalt samstemte i avvising og i styrken i avvisinga. I dette seier Bibelen at i valet av eit slikt samliv ligg det eit opprør mot Gud, eit fråfall frå Gud, at slik seksuell omgang viser at dei er framande for Gud og har bytta sanninga med løgna.

Det er måten òg tidlegare professor ved Misjonshøgskolen Aksel Valen-Sendstad uttrykkjer seg i etikkboka si og det er dette som avgjer saka.