Kirkemøtet: Dette stemte vi for

Flertallet på Kirkemøtet 2016 har vedtatt at Den norske kirke skal innføre en liturgi for likekjønnede par, og følgelig en ny lære om ekteskapet. Vi som underskriver dette innlegget, er delegater som var uenige i dette, og vi stemte for følgende alternative forslag til vedtak. Det ble nedstemt, men fikk 31 stemmer.

- Kyrkjemøtet held fast på at ekteskapet er innstifta av Gud for samlivet mellom éin mann og éi kvinne. Kjønnspolariteten har i heile kyrkja si historie vore eit konstituerande element i ei kristen ekteskapsforståing. Bibelen og vår evangelisk-lutherske lære gir oss ikkje mandat til å endra på dette.

- Ekteskapslova av 2008 legg ei anna forståing til grunn. Dette er dessutan ei «koplingslov», ettersom reglar og rettar i adopsjonslov, barnelov og bioteknologilov gjeld for alle par som lever i ekteskap. Barnelova slår til dømes fast at eit barn ikkje kan ha ein far når det har ei "medmor".

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Formuleringar som denne er svært normerande, og representerer eit radikalt brot med kyrkja si lære om tilhøvet mellom mor, far og barn.

- Det meste av kyrkja si undervising er retta mot barn og unge. Ei ordning som opnar for ekteskap mellom menneske av same kjønn, vil få til følge at kyrkja ikkje kan tala med autoritet på dette området, og at ein på lokalplanet anten vil tala med to tunger eller teia om desse fundamentale spørsmåla for ei kristen oppseding.

- Kyrkjemøtet seier difor nei til å innføre vigslingsliturgi for likekjønna par eller forbøn for borgarleg inngåtte ekteskap mellom likekjønna.

Trondheim, 11. april 2016

Anne Brun Andersen, Gunhild Andreassen, Øivind Benestad, Stian Berg, Geir Ivar Bjerkestrand, Thomas Bratsberg, Sofie Braut, Reimar Brun, Berit Nøst Dale, Anette Fredly, Gunnar Gjevre, Marie Klakegg Grastveit, Rolf Magne Haukalid, Ingjerd Breian Hedberg, Beate Husa, Henrik Magnus Kiærbech, Rikke Grevstad Kopperstad, Aud Kvalbein, Ragnar Løsnesløkken, Egil Morland, Jan Olav Olsen, Frode Rabbevåg, Olav Rønneberg, Ann-Kristin Sørvik, Rønnaug Torvik, Marit Sofie Teistedal Vikre, Marius Økland, Steinar Aanstad, Jostein Ådna.

-----