Bildet viser en skisse av det tiltenkte bygget. Foto: Arkitekt Rolf Eide

Kan bli Indremisjonens storstue

Rundt 50 millionar kroner kan bli investert i eit forsamlings- og næringsbygg for Indremisjonsforbundet si forsamling på Litle Sotra utanfor Bergen. 

Medan det eine bedehuset etter det andre blir lagt ned i øykommunane på Sotra, planlegg eldsjeler eit stort forsamlingshus på Straume i Fjell kommune.
- Utgangspunktet er å få eit nytt bedehus som kan erstatte Brattholmen bedehus, som har blitt for lite. Vi jobbar med å få det finansiert på eit eller anna vis, og derfor kjem dette med næringsbygg inn. Men vi har ikkje bestemt kor stort det skal vere, seier styreleiar Atle Våge i Straume Forum til Dagen.
Brattholmen Indremisjonslag ønskjer eit nytt bedehus fordi det gamle ofte er fullt og fordi Vegvesenet har tatt ein del av parkeringsplassen til gangvegar.

Må avvise folk som kjem


- Normalt har vi 70 til 80 frammøtte på ein søndag, men på det meste i haust har det kome 180 menneske og det har vi eigentleg ikkje plass til. Då må masse småbarn sitje på fanget, og det er smekkfullt. I haust har vi måtta avvise folk fordi det er fullt, og sånn skulle det ikkje vere på eit bedehus.
Våge fortel at eigedomsselskapet, som blei starta i november i fjor, reknar med ein byggjekostnad på 20.000 kroner for kvar kvadratmeter. Dersom dei førebelse planane blir realiserte, meiner han at rundt 50 millionar kroner er eit fornuftig anslag. Grunnplanet på 1.000 kvadrat er tenkt brukt av forsamlinga.

Treng omregulering


For å få inn næringsleigetakarar må området omregulerast og då vil det ta om lag to år før ein kan setje i gong å byggje. Men dersom ein hiv ut næringsdelen og berre satsar på forsamlingsdelen er vegen kortare. Dette er noko av det som skal drøftast på eit møte den 9. januar.
Våge fortel at bedehuslandskapet på Sotra har endra seg mykje dei siste åra. På Litle Sotra er alle Indremisjonen sine bedehus utanom Brattholmen nedlagt. Og på Store Sotra blei bedehuset på Kolltveit nedlagt i vinter.
- Eg trur det blir få indremisjonsbedehus igjen på Sotra. Kanskje vårt blir eitt av tre. Det vil ha eit nedslagsfelt på 10.000 menneske, og potensialet er mykje større. Dette er ei svært spennande sak. Vi er i starten av arbeidet, også når det gjeld finansiering og faste givarar. Men vi har berre fått positive tilbakemeldingar, og eg synest det lovar bra, seier Våge.

Generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet synest at planane er spennande og nytenkjande.
- Her ser ein moglegheiter for å tenkje eit litt meir utradisjonelt bedehus inn i eit sentralt område der det bur masse menneske. Det er visjonært og spennande.
Furnes peikar på at fleire lokale bedehus i nærområdet har blitt lagt ned den siste tida medan folketalet aukar.
- Det bur 30.000 menneske i området her ute. Og det gjer at ein bør forene kreftene.
- Er det aktuelt å flytte ImF-administrasjonen dit?
- Det er i alle fall ikkje uaktuelt å vurdere, seier Furnes.

DAGEN