Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Kald kjærleik

I kyrkje og samfunnsliv vert ordet «kjærleik» sett øvst på banner, og løfta fram som vår viktigaste kampsak. Det passar no forresten så godt inn med resten av oss. Alle me som vil stå fram som menneske som er «inkluderande», «tolerante» og «romslege».

Kjerneord i den norske folkesjela, som me stolt tek fram når me skal syne resten verda korleis eit samfunn og ei kyrkje skulle vere. Synleggjere humanismen sin grunnverdi, som seier at mennesket eigentleg er nokså godt på botnen.

Det var dette den norske stasministeren for nokre år sidan løfta fram som vårt adelsmerke: «Det er typisk norsk å være god!» Men er det verkeleg det?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Denne vinteren har fått meg til å lure på om dette stemmer. Frå nokre av dei med «kjærleik» på bannera, og dei med «inkludering» og «romsleg toleranse» i programma har me sett kunsten å syne ei kald skulder, og gjere orda kvasse og sårande. Har kjærleiken vorte kald? Eller har ein vorte forelska i seg sjølv på ein slik måte at ein ikkje ser og maktar ta vare på dei som er annleis?

I staden for å debattera saka, som kan ha bakanforliggande store og viktige verdispørsmål, har søkjelyset vorte vendt mot enkeltmenneske. Ofte med velformulerte politikarar, kyrkjelege leiarar og skarpskodde journalistar i bresjen.

Hovudagendaen synes handle om å kle den andre naken. Til spott og spe for alle. Få den som tenkjer og trur annleis, til å stå fram som «ukjærleg, intolerant, ekskluderande og fordømmande». For då er saka vunne, og me har funne nokon å le av og snu ryggen til med godt samvit. Mange skuldar på nett-trolla når debatten vert vond og personleg. Men kven har kasta bensin på bålet i forkant? Gjennom vinkling, val av ord og fokus i ordskiftet?

Dei profesjonelle ordkunstnarane i norsk presse kan dette. Dei veit kva dei gjer og kva som verkar. Veit at ord og vinkling som fyrer opp under «antipati» og «sympati» er sterkare lut, enn gjennomtenkte og gode argument i saka.

Og midt oppe i det heile står så alminnelege norske menn og kvinner. Som er Kristus-truande. Slike som løfter Bibelen opp og fram, og som held fast på den som øvste norm for kva dei trur og for korleis livet best skal levast.

Desse som har den levande Jesus Kristi kjærleik og offerdød som sitt høgaste gode. Og som trur at det einaste som kan berge kvart menneske frå evig undergang og fortaping, er at dei møter Jesus Kristus og vender om til han i tru.

Ei slik tru står i dag fram meir radikal og motstraums enn på lenge, og denne vinteren var kanskje berre ein forsmak på kva me kan ha i vente. Når me no går inn i ei tid, der kjærleiken finnes på banner, men mindre i hjarta.