Kairos - eit skandaløst dokument

Det såkalte Kairosdokumentet, «Et sannhetens øyeblikk», er eit israelfiendtleg og skandaløst dokument. Difor er det også svik og skandale at biskopane i sin uttale, «Solidaritet med kirkene i Midtøsten», viser til dokumentet ved å sitera frå det på ein positiv måte som i røynda er tilslutning til utsegna. Biskopane burde teke eit kraftig oppgjer med den teologiske tenkinga i Kairosdokumentet, og dei fylgjene totaltenkinga i det får for Israel og jødane om ho skulle verta omsett i praksis. Dokumentet er eit einsidig angrep på Israel, og det på ein slik måte at det undergrev Israel som jødisk nasjonalstat. Israel får skulda for lidinga i området og for dei kristne sine vanskelege kår. Med det ser ein bort frå problema som ligg i islam og det destruktive i islamismen.

Vi kan forstå at det er vanskeleg for kristenleiarar i muslimske land og område i Midtausten å uttala seg klart til støtte for Israel og det jødiske folket, og ta oppgjer med antisemittismen og islamismen. Hadde dei gjort det og ført ein vedvarande kamp langs ei slik line, ville situasjonen deira vorte uuthaldeleg og martyriet ville vore reelt.
Om vi difor må leggja godviljen til, kan vi ikkje gjera det kritikklaust. Når kyrkjeleiarar frivillig og offensivt går ut mot Israel og til forsvar for palestina-arabiske interesser, må vi ta det på alvor - særleg når det vert gjort i ein samla uttale frå praktisk talt alt som er av kyrkjeleiarar og kyrkjesamfunn i området, bortsett frå messianske jødar eller kristne frå israelske kyrkjelydar. Kairosdokumentet er ei omfattande utsegn av denne typen. Morgenbladet (26/3-8/4) har omsett og trykt det over sju sider.
Det som vert kalla «sannhetens øyeblikk», tek utgangspunkt i «palestinsk lidelse», altså ikkje primært i kristne si liding i området, men det er eit generelt rop frå «en gruppe kristne palestinere» ut frå «lidelsen i landet vårt under den israelske okkupasjonen».
Ordet «okkupasjon» er brukt omlag 30 gonger, og det er ut frå denne praktisk talt all liding vert forklart. Området vert definert som «palestinske territorier». Israels handlemåte og krigføring er konsekvent omtalt i negative ordelag, medan det på andre sida er talt om «lovlig palestinsk motstand».
Den teologiske tenkinga er konsekvent erstatningsteologisk med tanke på det Bibelen seier om det jødiske folket og landet, og det er ei frigjeringsteologisk tenking når det gjeld palestina-arabarane og deira kamp for ein stat, det såkalla «Palestina». «Vi respekterer og har stor aktelse for alle som har gitt sitt liv for vår nasjon,» seier dei palestina-arabiske kristenleiarane - og denne «respekten» og «aktelsen» for «alle» må då også gjelda sjølvmordsbombarane og deira terrorisme.
Sjølv om dei norske biskopane i deira utsegn ikkje er demagogiske som Kairosdokumentet, er også biskopane ufatteleg einsidige og negative i høve til Israels sjølvforsvar - og utan nokon referanse til dei messianske jødane. Det er utruleg at Bispemøtet kan avgje ei samla Midtausten-utsegn med det innhaldet denne har, og med den referansen ho har til Kairosdokumentet. Kva med lærdomane frå den kristne kyrkja si bloddryppande antisemittiske historie?