Jesus Kristus

For til dette vart de kalla, fordi Kristus òg leid for dykk og lét etter åt dykk eit føredøme, så de skal fylgja i hans fotefar, han som ikkje gjorde synd, og det vart ikkje funne svik i hans munn, han som ikkje skjelte att når han vart utskjelt og ikkje truga når han leid, men overlét det til han som dømer rettferdig. Han som bar syndene våre på lekamen sin opp på treet, så vi skal døy bort frå syndene og leva for rettferda. Ved hans sår har de vorte lækte.
De var som villfarne sauer, men har no vendt om til hyrdingen og tilsynsmannen for sjelene dykkar. 1Pet 2:21-25.
Bibelavsnittet her gir oss vakkert vitnesbyrd om Jesus. Vi får sjå korleis han er som føredøme for oss. Vi som ynskjer å fylgja i hans fotefar, har mykje å læra av hans liv. Han gjorde ikkje synd, og for ikkje med svik. Han var tru i tenesta, og truga ikkje når han leid. Han var tolsam, og kravde ikkje sin rett. Han tok seg av villfarne, og lærte syndarar omvending til frelse.
Vi får sjå han som forbilde, men også som forsonar. Ved sin død har han forsona oss med Gud. Synda som førte menneska bort frå Gud, har ikkje makt over oss lenger. Når Jesu sår blir lagde til våre syndesår, får vi lækjedom. Det gir oss både frikjenning og fred.
Hyrdingen og tilsynsmannen helsar alle som vender om, varmt velkomne heim!