Arne Pareli Pedersen song seg til ein A ved klassisk-eksamen ved Griegakademiet i Bergen. Draumen er å bli songevangelist.

Her syng han seg til toppkarakter ved Griegakademiet

Arne Pareli Pedersen fekk toppkarakter etter sin eksamenskonsert ved Griegakademiet denne veka. No drøymer den unge harstadværingen om å bli songevangelist.

- Det er rett og slett eit ønskje om at folk skal bli frelst som driv meg. Eg vil at folk skal møte Jesus gjennom songar dei kjenner eller songar dei kan bli kjend med, seier Arne Pareli Pedersen frimodig til Dagen. No har den 21-årige nordlendingen planen klar om å bli songevangelist.


«Pareli»

Etter tre år på Kongshaug musikkgymnas søkte Pedersen seg inn på Griegakademiet. Men så kom Ragnar Løsnesløkken, læraren til Arne på Kongshaug, med forslaget om å samle ei gruppe for å reise rundt og spele salmar og bedehussongar til folk i det ganske land.


Dei skulle kalle seg «Music Mission». Arne og kompisane Thomas Gallatin, Gunnar Melbø og Rune Hodne Hermundsplass tente på ideen med ein gong og bestemte seg for å gjere det.


LES OGSÅ: - Flest mulig må få gå her


- Då hadde eg allereie kome inn på Griegakademiet, men tok eit permisjonsår for å reise rundt i Noreg. I løpet av 2009 og 2010 hadde vi cirka 150 konsertar i alle landets fylker. Vi reiste til og med til Sverige og USA for å halde konsertar. Det var først og fremst veldig lærerikt. Det å reise rundt og forkynne evangeliet om Jesus gjennom song er det finaste eg veit, seier han.

Etter året på turné endra gruppa namn til «Pareli» og har helgejobbar rundt i landet ein gong i månaden.


SJÅ VIDEO av Arne Pareli Pedersen synge seg til Aher :



Klassisk song


Allereie då han gjekk på Kongshaug vart Arne med i eit talentutviklingsprogram ved Griegakademiet. Denne veka markerte han slutten på sitt andre år ved Griegakademiet i Bergen, ved å framføre eksamenskonserten sin i klassisk song, og sensorane var så fornøgd med framføringa at dei gav han toppkarakter.


- Eg hadde ein liten peptalk på førehand med songlæraren min, og gav jernet under framføringa. Likevel hadde eg aldri i livet forventa ein A. Men eg skal ikkje ha noko ære sjølv for det eg driv med, eller prestasjonen på eksamen. Alt skal gå til Golgata, det er der æra mi er. For meg er det viktig å understreke at det ikkje er mitt eige verk, men at eg har fått alt av Gud, seier Pedersen.



LES OGSÅ: Kongshaugs stjerner vender tilbake


Brenn for bedehussongane

Sjølv om han studerer klassisk musikk ved Griegakademiet, er det bedehussongane som ligg Arne sitt hjarte nærmast.

- Å gå på Griegakademiet er veldig annleis enn kva eg var vant med frå før. Eg er jo ein bedehusgut frå Nord-Noreg, medan Griegakademiet er litt meir høgkulturelt. Det er bedehusstilen og bedehussongane eg brenn for, for dei har så fine tekstar. Det er evangeliet i songane som er viktig for meg, seier Arne.


Songevangelist

Om to år er Arne ferdig ved Griegakademiet i Bergen for godt, og då draumar han om å verte songevangelist på heiltid. Frå hausten blir draumen delvis realisert ved at han skal starte i deltidsstilling som songevangelist for Indremisjonsforbundet.


- Eg gler meg til å reise rundt, synge og forkynne. Det er dette eg vil. Viss eg ein dag får reise rundt med «Pareli», ville det vore det optimale å få spre evangeliet på den måten. Eg drøymer om at eg kan leve av dette ein dag, seier Arne. Men han trur ikkje livet som songevangelist berre er ein dans på roser.



- Det er nok vanskeleg å reise rundt slik heile tida. Det er nok av utfordringar knytta til det. Det krev ein vilje frå bedehus-Noreg og at folk vil ha oss rundt. Hittil når vi har reist rundt med «Pareli» har jo folk tatt veldig godt i mot oss, seier han, og viser til songevangelistane Marit og Irene som eksempel på at det er mulig å reise rundt slik.

I sommar skal «Pareli» mellom anna spele på Generalforsamlinga til NLM på Lillehammer.


Her er fleire smakebitar frå salmebandet Pareli:




(Dagen)