Heim til jul

Aldri elles i året er det så viktig å kome heim, som til jul.
Den jula far min var 17 år, hadde han gitt opp håpet om å kome seg heim. Han hadde vore diskenspringar på butikken til den eldre bror sin på Stadlandet denne hausten. Då det nærma seg jul var alle vegar gjensnødde. Einaste måte å kome seg heim til den veglause garden Ytre-Fure, heilt ytterst på Stad, var å gå til fots i djup snø. Far min fekk gode råd om å halde seg i ro, men roleg var han så langt i frå. Han ville så gjerne heim til jul.
Løysinga kom frå Indremisjonen. Predikant-søstra som reiste for Vestlandske Indremisjonsforbund, hadde kome til Stadlandet seint kvelden i førevegen og teke inn på pensjonat. Julaftan morgon steig ho inn i butikken. Med autoritet som berre ein indremisjonspredikant kan framvise gav ho beskjed om at ungdomen måtte reise. Straks. For det hadde kome telefon om at det låg skyssbåt på Drage, og ingen visste kor lenge båten ville vente.

Så la dei til fjells, forkynnaren og tenåringsbroren. Over Dragseidet, der Olav Trygvasson i år 997 hadde kristna fire fylker, vassa dei i snø. For kvart steg dei tok, sank dei nedi til over knea. Det gjekk blytunge timar før dei kom til Drage-bygda på andre sida av fjellet og fekk båtskyss til Indre-Fure. Derifrå var det nye tre kilometer å vasse i snø til dei var heime. Nokre stader gjekk vegen over høge, stupbratte hamrar, andre stader hoppa dei frå stein til stein i fjøra. Nordavinden beit i kinna, og havbåra spela sin eigen julemusikk der ho spruta oppetter svaberga. Det var sleipt og glatt og farleg å stige feil, men lysa frå kjøkkenvindauga på Ytre-Fure gav krefter til å halde fram.

Far min hugsar enno kor godt det var å nå fram og kunne trampe av seg snøen på trappa denne kvelden. Kor varmen slo imot han då han utslitt, våt og kald steig inn i gangen heime. Kor høgtideleg det var då far hans kom ut, tok han i handa og ønskte velkomen til gards. Han hugsar gleda i auga til mor si der ho stod over grytene på kjøkkenet og det begeistra ropet frå yngstebroren inne i stova.
Dei kom akkurat tidsnok til julemiddagen. Aldri hadde surkål og lammeribbe smakt betre. Aldri hadde julefreden vore djupare og gleda over å kome heim sterkare. Far min åt seg god og mett. Han fekk høyre far sin lese juleevangeliet, og kanskje hadde han krefter til å syngje med i «Mitt hjerte alltid vanker». Så sovna han og sov til neste dag. Han misste resten av julekvelden, men det gjorde ikkje noko. Han hadde kome seg heim til jul.

Så tek vi eit sjumilsbyks. Til Betlehem for 2000 år sidan og den aller første jula. Til Josef og Maria som sleit seg fram langs landevegen, og som ikkje kom seg heim. Maria måtte føde barnet sitt i ein framand stall. Kor redd og forkomen må ho ikkje ha kjent seg. Så langt heimanfrå, langt borte frå mor si og dei andre kvinnene som brukte å hjelpe til når eit nytt liv kom til verda. Og det vesle barnet, Guds son, kor langt heimanfrå var ikkje han? Han som «kom fra himlens høye slott ned til vår arme jord.»

Men fordi dette barnet kom,
kan du og eg kome heim.
Heim til Jesus.

Juleevangeliet ber bod til alle som er heimlause eller langt heimanfrå. Til bortkomne søner og døtre som har rota til livet sitt. Til dei som manglar tak over hovudet og familiar som har rakna. Til menneske på flukt frå krig og forfølgjing og dei som prøvar å rømme frå seg sjølv.
Jesus var heimlaus han også. Han var fattig og forfølgd. «Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han,» skriv Johannes (Joh.1,11), men håpet og forløysinga kjem alt i neste vers: «Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans». (Joh.1,12)
Hos Jesus har alle heimlause ein heim.
Han står på trappa med opne armar og ønskjer oss velkomne inn.
Inn til Gud Fader.
Dit vi alle høyrer heime.

Vi ønskjer alle lesarane våre ei velsigna julehøgtid
- og vel heim.