Hårreisande andaktsmusikk i NRK

Kven har ansvaret for morgonandakten i NRK, der vedkomande andaktshaldar har vel 3 min til disposisjon? Og kven har ansvaret for song/musikkvalet? 

Måndag 13. mai, vart ein god, menneskenær og himmelvendt andakt av Geir Gundersen totalt overkøyrd av eit musikkinnslag som eg ikkje hverken verbalt (engelsk) eller musikalsk fann samanhengen med andakten.

Kva ville vere i vegen for at ein av songane han viste til, kunne blitt sendt rett etter andakten?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For over ein generasjon sidan, med ein morgonandakt på 15-20 min kl. 0815, vart både Ordet lagt ut, og song/salme valt ut i samkøyring.

Eg fekk sjølv vere med som organist og leiar av sanggruppe nokre gongar. No har tidspunktet for andakten blitt «flytande» i lokalsendingane rundt om kl. + - 0820, og som sagt berre på vel 3 min.

Og til overmål: Ein får ikkje vite etterpå kven som hadde hatt andakten (i all fall ikkje i NRK Hordaland). Er ikkje det respektlaust overfor dei ein slepp til i NRK?

Kan ansvarleg for dette kome med eit sant, sunt og ei forståeleg forklaring på dette?