Guds univers

«I opphavet skapte Gud himmelen og jorda.» (1 Mos 1,1)
Då Gud skapte, skapte han alt. Det var ikkje slik at noko byrja av seg sjølv, tilfeldig eller på slump. Gud starta og styrte det heile. Det var ikkje slik at Gud greip inn etter at det hadde oppstått eit univers og så styrte utviklinga slik at det til sist også vart menneske. Gud overgav heller ikkje universet til seg sjølv.
Gud skapte universet, og det var det første og grunnleggjande i skapinga. Difor har Gud kontroll med universet og han har ei meining og eit mål med det. Heile universet er skapt i, ved og til Jesus og står ved lag ved han. Det bør hjå oss skapa ærefrykt for det overveldande universet og det bør skapa tryggleik i møte med det for oss ukontrollerbare universet.
Profeten seier at då Gud skapte universet, skapte han ikkje jorda for å la henne «liggja aud, men gjorde henne til bustad for folk» (Es. 45,18). Gud har ikkje overlete jorda til seg sjølv.
Menneskeslekta er med det så høgt prioriterte som det er mogleg og har fått den største gåva som tenkjast kan. Vi har fått ei jord i det store universet som vi kan bu på, og det har Gud latt skje ved Jesus og i kraft av frelsa i han.

Johannes Kleppa
Redaktør DagenMagazinet