SMIL: Det som kjenneteiknar Josiah og Diana er det vennlige smilet, og deira stille framferd. Det er noko med dei som gjer at ein vil komma nærar innpå, få del i den menneskelege varmen, skriv Berit Helgøy Kloster.

«Gud gir deg aldri ein visjon som er tilpassa budsjettet ditt»

Av vane stakk eg til dei litt pengar som bryllaupsgåve. I ettertid fekk eg vita at det var alt dei då hadde å leva for, og gåva vart tolka som Herrens leiing på den visjons-vegen dei nettopp hadde starta.

Det som kjenneteiknar Josiah og Diana er det vennlige smilet, og deira stille framferd. Det er noko med dei som gjer at ein vil komma nærar innpå, få del i den menneskelege varmen. Sjølv møtte eg Josiah og Diana for to år sidan, då dei som nygifte deltok på eit teltmakerkurs i Mayaquez, Puerto Rico.

Då eg innleia samtalen, var visjonen deira det fyrste dei ville meddela. Dei er begge høgt utdanna, han med fleire universitetseksamenar, han er ingeniør i elektrisitet og data, og erfaring frå større bedrifter i USA, og ho med økonomi utdanning frå Colombia.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I 2007 hadde Josiah ei sterk oppleving av at Gud nå bad han om å setja seg inn i jordbruk, særleg kaffeproduksjon, og bruka dette i framtidig teneste. Dette tok han ikkje lett på. Han sa opp jobben, og i nesten eit år reiste han rundt på kaffeplantasjar i heile Latin-Amerika. Ikkje som «han som kunne» men som «han som arbeide med jorda.» Han fekk også den mest djupsitjande kunnskapen: Å kjenna på kropp og sjel korleis plantasjeeigarane møtte ein dei trudde var fattig.

Deretter tok han kunnskapen med seg til Universitet i Mayaguez, Puerto Rico og starta doktorgradsarbeidet i jordbruksøkonomi. Kva var visjonen dei ville ta meg inn i?

Jau, nå hadde Gud syne dei at dei skulle bruka all si intellektuelle utrustning til å bygge opp «Siembra Vida» (Plante Liv, Visjon, Disippeltrening og Agrikultur.) Dei skulle bokstavlig talt «plante» nytt liv hos dei mange der i byen, særleg narkomane, ved å ta dei med inn i jordbruket og Bibelen!

Kva har de av økonomi? ville eg vita. Dei sendte kvarandre eit varsamt smil og svara ikkje. Der og då må eg ærleg innrømma at eg «lagra» prosjektet deira som «store draumar».

Nokre månader etter fekk Josiah tilbod om stillinga som direktør på ein avdeling ved Universitetet i Mayaques. I kyrkja møtte dei «Gudfeldigvis» leiaren for eit av dei mange avrusingssentra og vart invitert til å koma og sjå arbeidet. Til stor overrasking møtte Josiah barndomsvenner som sleit med stoff!

Med små midlar leigde paret nå eit lite jordstykke som ligg ved avrusingssenteret. Dei delte det inn i små felt, og gav tilbod til alle om å læra å dyrke eigne grønsaker. Deltakarane får utfordringa med å finna plastflasker, hermetikkboksar frå søpla, og så gjera dei om til såkar. Ressursbruk må lærast.

All som vil delta, må forplikta deg til å vera med på bibelstudie og bønn, ein time dagleg. Josiah hevdar at det er ikkje nok å få dei stoffrie, dei må få ny verdigheit, syna at dei kan noko.

Ein gong i månaden stiller kvar ut sin produksjon. Diana lærer dei enkle matrettar, og avlinga får dei selja til eiga inntekt. Med audmjuk stemme høyrer vi om mange som har fått eit nytt liv, både i Jesus og i sin eigen kvardag. Grønsakhagane får nye namn, som «Hekta på Jesus». «Gud – ein trufast venn». Driftsmidlar til dette jordbruksprosjektet skaffar Diana nå gjennom deira andre fagområde. Nemlig sal og foredling av kaffe. Fleire store plantasjeeigarar vil gjerne samarbeide.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Men nå skal eg få visa deg nok eit Guds under», kjem det stille frå Josiah. Vi køyrer inn i det flottaste turistområdet ute ved havbukta. Eit stort skilt med «1First-Bank» er planta på ei to måls tomt, med melding om at her kjem jordbruksturisme til prosjektet «Siembra Vida».

Både Diana og Josiah kunne ikkje tru det då banken ringte og sa dei ville gi ei godt synleg tomt til «Siembra Vida». Mange av kollegane på universitetet ynskjer også å involvera seg. Særleg sidan denne byen har eit flest narkomane på heile øya.

Dei nyvunne Jesus-vennene ivrar etter å ta fatt på nye jordbruksprosjekter, samt å fortelja korleis livet deira «har spirt på ny». Prosjektet forpliktar, og framdrifta er tidfesta. Denne gongen reiste eg ikkje spørsmålet om finansieringa, men bad om tilgjeving for den tvilen eg hadde tidlegare. På arbeidspulten deira er det ein plakat med stor skrift:

«Gud gir deg aldri ein visjon som er tilpassa budsjettet ditt: Han sjekkar ikkje bankkontoen, han sjekkar trua di».

Les også
Den norske kyrkja etter bisperådet
Les også
Gjem korset
Les også
Misjonsfolket og trusselen fra islam
Les også
Avkristningen - tanker ved et årsskifte