STENGT: Kristendomens fremste heilagdom i Jerusalem, Den heilage gravkyrkja, kan verta stengt på grunn av krangel om manglande betaling for vatn til den store kyrkja. Felire hundretusen turistar og pilegrimar vitjar kyrkja kvart einaste år.

Gravkyrkja skuldar millionar

Gravkyrkja i Jerusalem står i fare for å bli stengt på grunn av at kyrkja ikkje har betalt vassavgifter til selskapet som leverer vatn til kyrkja. Kyrkja skuldar ni millionar shekel, og dermed har selskapet stengt bankkontoen deira.

Ein av kristendomens fremste heilagdomar, Gravkyrkja i Jerusalem, bygt over staden der dei hevdar Jesus vart krossfesta, er i klammeri med eit israelsk vasselskap fordi dei ikkje har betalt avgiftene.

Det gresk-ortodokse patriarkatet i Jerusalem som har store og verdifulle eigedomar i Israel og sitt hovudkontor i den gamle kyrkja, har fått sin bankkonto sperra, opplyste ein talsmann frå vasselskapet Hagihon fredag.

Hagihon seier til avisa Maariv at israelsk lov ikkje tillet selskapet å innvilga unntak for betaling av vassavgifter. Kyrkja har ikkje midlar til å dekka ei ubetalt rekning på ni millionar shekel (14 millionar kroner) til vassleverandøren.



Vurderer å stengja

Den gresk-ortodokse presten Isidodros Fakitas seier at tiltaket har ført til at Gravkyrkja ikkje er i stand til å betala rekningar og lønna dei tilsette. Dermed vurderer kyrkja å lukka dørene i protest mot inngrepet.

Bankkontoen vart sperra for to veker sidan, og advokatar er i ferd med å førebu saka for ein domstol.

Fakitas hevdar at kyrkja framleis er operativ trass i inngrepet. Dersom forholda vert for vanskelege, vil dei prøva å finna alternativ, som til dømes å opna ein ny bankkonto, sier presten.

- Gravkyrkja er no ute av stand til å betala bidrag til rundt 500 prestar og munkar pluss 2.000 lærarar, og driftsutgifter for meir enn 30 kristne skular som kyrkja driv i dei palestinske områda og i Jordan, opplyser talsmann Issa Musleh.

I fleire tiår var det ein muntleg avtale med den tidlegare borgarmeistaren, Teddy Kollek, om å late kyrkja sleppa å betala vassrekningane. Oppgjer vart først gjort krav på for eit par år sidan då det israelske vasselskapet påla kyrkja å betala for vassforbruket sitt.


Set si lit til Gud

Generalsekretær i Patriarkatet, erkebiskop Aristarchos, sier kyrkja er villig til å betala vassrekninga frå no av. Han legg til at den oppsamla gjelda frå fleire år tilbake, vil dei derimot ha problem med å dekka.

- Vi stoler på Gud og håpar at folk vil hjelpa oss, seier erkebiskopen. Han opplyser at Patriarkatet har sendt brev til president Shimon Peres og statsminister Benjamin Netanyahu om saka.


Frå 300-talet

Kyrja som dei hevdar er bygt over Golgata der Jesus vart krossfesta og grava der Jesus vart lagt, vart først bygt på 300-talet av keisarmora Helena under den romerske keisaren Konstantin den store. Helena hadde vitja staden og slo fast at dette var plassen der Jesus også stod opp frå dei døde.

Kyrkja er fleire gonger riven og brent, men er bygt opp att og utvida og er ei av dei største kyrkjene i Midtausten. Seks ulike kyrkjesamfunn deler på bruken av kyrkja.

(Dagen)