IRRELIGIØST: Det svenske Skolverket meiner det ikkje er rom for religiøse innslag dersom ein skule vil feire advent, lucia eller juleavslutning i kyrkja. Biletet er frå eit Lucia-opptog i Oslo for nokre år sidan.

Godtek ikkje religiøse innslag i kyrkja

Eit forbod mot forkynnande innslag under skuleavslutningar har sett sinna i kok i Sverige. Sosialminister Göran Hägglund og kristne leiarar krev lovendring.

Gløym å snakke om Gud eller Jesusbarnet, kutt ut bøn og velsigning, les ikkje juleevangeliet, syng ikkje salmar. Det er oppskrifta for at ein svensk skule skal kunne avrunde semesteret i Guds hus, ifølgje Skolverket. 

Sist helg skreiv nemleg leiinga i dette eit debattinnlegg i Dagens Nyheter, der det vart slått fast at religiøse innslag ikkje får førekome i samband med skuleavslutningar i kyrkja.

Generaldirektør Anna Ekström og undervisningsråd Claes-Göran Aggebo vedgår at det kan verke paradoksalt med ei religiøs høgtid utan religiøse innslag. Men dei hevdar at det er den einaste mogelege løysinga med dagens lovverk. Seinare har rett nok generaldirektøren forklart at visse tradisjonelle salmar, til dømes «Stille natt», kan gå dersom rektoren aksepterer det.


Lokal fridom

Utspelet har skapt sur stemning hos «Söta bror».

Fleire statsrådar har kritisert signalet frå Skolverket. Sosialminister Göran Hägglund, som også er partileiar for Kristdemokraterna, har hevda at debatten dreiar merksemda bort frå dei verkelege problema i skulen.


Han meiner skuleavslutningar handlar om djupt rotfesta tradisjonar som gir lærarar, elevar og foreldre høve til å markere høgtid saman. No vil han ha slutt på den stadig tilbakevendande diskusjonen. I unntakstilfelle vil han det skal vere mogeleg å fråvike kravet om at opplæringa skal vere ikkje-konfesjonell ved feiring av tradisjonelle høgtider.

«Ei slik lovendring skulle med eitt slag føre makta attende der ho høyrer heime - dei einskilde skulane - og samstundes gi dei elevane som absolutt ikkje vil delta, rett til å sleppe,» skriv Hägglund i eit debattinnlegg.


- Grunnlaus frykt

Erkebiskop Anders Wejryd i Svenska kyrkan synest Skolverket gjer det vanskeleg for seg sjølv når ein prøver å skilje mellom kva som er tradisjon og kva som er religion.

Generalsekretær Stefan Gustavsson i Svenska Evangeliska Alliansen er samd i at lova bør endrast ettersom tolkinga av lova kjem opp til drøfting kvart einaste år. Han meiner redsla for påverknad er grunnlaus.

- Ein kan ikkje kome frå at advent og jul har kristne røter og er relatert til den kristne kyrkja og har med religion å gjere. Dermed treng ein ikkje vere så redd for at skulen skal verte påverka, seier han ifølgje Världen idag, Dagens samarbeidspartnar i Sverige.


Protestbølgje

Sjefredaktøren i svenske Dagen, Daniel Gran, skriv at mange sukka overberande sist det var diskusjon om sommaravslutninga. No registrerer han ei urkraft frå hundreår med hundreår av kristen tradisjon og kultur:

«Ei kyrkje utan Gud - nei takk! Advent utan ein etterlengta Fredsfyrste - nei takk! Jul utan frelse til mennesket - nei takk!». Gran undrar seg over at skulestyresmaktene godtek at elevar på låge trinn skal bruke hinduistiske frelsesmantra under yogaøvingar, samstundes som salmesong og velsigning frå ein kristen prest skal vere uakseptabelt.


Samlar underskrifter

Dei kristne aviskollegaene står saman om det dei kallar adventsoppropet med krav om endra skulelov. Skuleminister Jan Börklund, som representerer Folkpartiet - systerpartiet til norske Venstre, har tidligare uttrykk for ei anna forståing av lova enn leiinga i Skolverket.

- Ein skal absolutt få synge salmar i kyrkja på juleavslutninga, presten skal få lese opp juleevangeliet, referere til Bibelen og fortelje kvifor vi feirar jul, har han sagt til nyheitsbyrået TT, ifølgje Världen idag.

Innan 12. desember håper aksjonistane å samle flest mogeleg signaturar gjennom kyrkjelydar og forsamlingar for å få tydeleg dekning i lova for ei slik forståing.


(Dagen)