Gode argument mot Jesus død i vår stad

16/1 går Norvald Yri hardt ut mot innvendingar mot læra om Jesu død i vår stad. For han hevdar dette er ei grunnleggjande sanning i Guds ord.

Argumenta hans krinsa om at mennesket ikkje er godt og at Gud er heilag og rettferdig, slik at Gud må straffa syndarar. Forsoning med Gud blir dermed ei juridisk sak framføre ei relasjonell sak.

I «Avlat på Luthersk vis» 10/1 argumenterte eg med at den læra som Yri forsvarar, inneber etisk legitimering av justismord og at me kan rekna oss som samtidig syndarar og rettferdige – med følgje at synda blir ufarleggjort.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I det heile har denne læra eit farleg fokus: på synd og straff for synd. Slik vinklar den Gud og oss negativt, og den fortrengjer kallet til å forvalta jorda (1.Mos 1:26–30) og Guds rike som var sentrum i Jesu lære (Matt 10:7, 24:14, Luk 4:43). Den gjer Gud til ein fjern dommar og ikkje til ein oppdragande Far – oppretthalde av ei feil omsetjing av Jes 53:5; «Straffa låg på han» istadenfor «tukta …», som eg skreiv om i «Gud førte Job ut i freisting» 4/1.

Elles avslørte Harald Giesebrecht 30/11 fleire misbruk av GT-tekstar i forkynninga av denne læra. Og når Yri hevdar at heile NT stadfestar denne læra, kun visande til nokre vers i 2.Kor 5 og til Rom 3, vil eg minna han om 2.Kor 5:10; at me skal få att etter det me har gjort, og om Rom 3:24 der vekta er på forløysinga i Kristus Jesus, altso ikkje på Jesu død slik læra om Jesu død i vår stad gjer.

Yri sitt aktuelle varsku mot kritikk av den objektive forsoningslæra, er etter mi erfaring symptomatisk for forsvaret av denne læra: at den kun viser til frå nokre få vers, men like fullt sterke ord om at dette er det mest sentrale i Guds ord. Og kritikk av denne læra blir resolutt fordømd. Men nærare arbeid med Guds ord har vist meg at denne læra på grunnleggjande vis faktisk står i strid med Guds ord.