Fundamentet for den bibelske grunngjevinga

Espen Ottosen (18. feb.) problematiser artikkelen min om mann og kvinne (14. feb.). Eg forstår at han reagerer på tonen og nokre av formuleringane.

Mang ein kristen bodskap har vorte skjemd ved karets ureinskap, dessverre òg når det gjeld meg. Så har bodskapen vorte avvist. Om det skuldast denne ureinskapen eller at ein ikkje likte «maten», det veit åleine Gud. I så måte har eg nok med meg sjølv.

Eg erkjenner at det nok kan finnast dyd utan skjøn i det eg skreiv. Eg er heller ikkje trena i å skriva kort og konsist, og samstundes ta høgd for alt. At noko var upresist skal eg villig erkjenna og be om orsaking for. At det er lettvint synest eg er mindre dekkande. Teologien i det vedkjenner eg meg fullt ut. Ottesen sitt svar gjev meg høve å klargjera det eg prøvde å sei og til å rydda unna mistyding.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det kan vera upresist å stilla døme frå Sunnmøre saman med prosessen i NLM som om dei utan vidare er på same nivå. Samanstillinga vart gjort fordi eg oppfattar begge dømer som uttrykk for kor vanskeleg tida vår har med å leva med ordningar der underordninga kjem til syne. Eg vil ikkje driva kile inn mellom dei som verkeleg tek Bibelen på alvor òg på feltet der det gjeld underordning.

Hovudstyret i NLM gjer ikkje opprør mot skaparordninga berre ved å diskutera korleis organisasjonen skal organisera seg om sikte er å fylgja Ordet mest mogleg presist. Tvert om kan slikt arbeid vera verd all ære. Om det er galt kjem for det første an på kva drivkrafta er.

Er det at ein skjemmest over å la Guds Ords skil på mann og kvinne koma til syne og av tidsånda vert driven til å endra det, så er det fullt ut grunn til å åtvara mot det som skjer. Vert resultatet og eventuell endring at ein prøver å gjera denne skilnaden usynleg og at ordninga ikkje tek omsyn til ordet om kven som skal leia og vera hyrdar i den kristne kyrkja, så er det òg galt. Det same gjeld om grunngjevinga for vedtaket ikkje er Bibelsk. På dette skal òg leiinga i NLM sitt arbeid vurderast.

Mitt siktemål var å få fram fundamentet for den bibelske grunngjevinga om at det skal vera skil på mann og kvinne i heim og forsamling og å åtvara mot å forlata dette.

Apostelen lærer at skilnaden på mann og kvinne og det at mannen er kvinnas hovud, er Guds skaparordning. Dette prinsippet er mellom anna uttrykt i 1.Kor 11.3. Hovudstrukturen er difor ei god og guddommeleg ordning. Av det er det venta at dette får uttrykk både i ekteskap, kyrkjelyd og i samfunnet elles. Det er denne Guds skaparordning apostelen utmyntar, både i forhold til ekteskapet og kyrkjelyden. Korleis det eventuelt skal koma til syne i samfunnet elles har eg ikkje uttalt meg om.

I ekteskapet er kvinna kalla til å underordna seg «i alle ting» (Ef. 5.24). Slik eg skreiv i mitt innlegg får mannen òg ord frå Gud, som på ingen måte er lettare, som han er forplikta på. Den kristne mannen har hyrdeansvar i sin heim. Nokre skal òg på særleg vis ha det i forsamlinga.

Det same uttrykket som i Ef. 5.24. er omsett underordna i alle ting, er òg nytta i 1.Tim. 2.11 (sjeldan omsett likt) der det er snakk om den kristne forsamlinga. Om Ottosen mislika det uttrykket får han ta opp med apostelen og hans Herre. Begge stadar var det berre meint som tru sitering av apostelordet. Eg ynskte med det å visa det umoglege i å skilja ut det som har med læra å gjera, men elles læra full likestilling. Det er òg umogleg å delegera bort hyrde- og læreansvaret, då begge deler først og fremst er ein praktisk gjerning i lokalkyrkjelyden. Men dette hindrar sjølvsagt ikkje at eldsteansvaret òg gjer seg gjeldande på andre organisatoriske plan.

Åtvaringa i slutten av stykket var mot dei som under påskot om å stå saman om det viktigaste, set til side eller devaluerer ordet om underordninga. Den åtvaringa bør ei velvillig sjel sjå som naudsynleg i vår tid. Stykket mitt var òg skarpt mot å gjera Guds ords skilnad på mann og kvinne mest mogleg usynleg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg er òg redd for denne stadige gjentakinga av vanskelege tekstar og reddast ei utvikling frå «krevjande tekstar» via «me kan leva med ulikt syn» til å enda i «full likestilling». Det snakket om vanskelege tekstar, kan fort verta kamp for Skrifta si uklarheit. For meg synest det her som ofte elles når det gjeld Bibelen: Den største vansken er dei orda som ein skjønar, om ein vil fylgja dei.

Mi overtyding er at skilnaden mellom mann og kvinne i Guds kyrkjelyd er større i Guds ord og var det i apostelkyrkja, enn det som er vanleg i NLM no. Om det skulle vera snakk om endring, så er eg ikkje i tvil om kva veg endring bør gå om ein skal fylgja Ordet. Eg er heller ikkje i tvil om kva som er den mest «lettvinte» vegen. Den vegen fylgjer ein visst alltid no: Ein opnar meir og meir for likestilling.