DELTAKELSE: Vi vil ikkje ha eit samfunn der om du får delta på bana eller må sitte å sjå på blir bestemt av foreldrene dine si inntekt.

Fritidsaktivitetar for alle

For 20 år siden var islandsk ungdom blant de som ruset seg mest i Europa. I dag ligger de helt på bunn. Et av fleire tiltak dei gjorde då, var å innføre ei nasjonal fritidskort-ordning.

Dess høgare inntekt familien har, dess fleire fritidsaktivitetar deltar barna på. På toppen av denne forskjellen har det vore ein generell nedgang dei siste seks åra blant barn og unge si deltaking i fritidsaktivitetar. Desse trendane må vi klare å snu.

Ei ny undersøking som Ipsos har gjennomført på vegne av DNB viser at 27 prosent av borna i alderen 0–7 år i dag ikkje deltar i nokon organisert fritidsaktivitet i løpet av ei veke. Det er 7 prosentpoeng meir enn i 2012. Norske barn går i dag i snitt også på færre aktiviteter enn tidligare. I 2012 låg snittet på 2,8 aktiviteter per born. Nå er talet 1,7 aktivitetar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi veit at fritidsaktiviteter og leik er viktig, både for den sosiale og den motoriske utviklinga til born. Ei investering i fritidsaktivitetar er ei investering i barn og unge.

Sjølvsagt er familiar og born forskjellige, og korleis kvar enkelt legg opp kvardagen skal og bør vere opp til ein sjølv. Likevel er det urovekkande når 20 prosent av respondentane i undersøkinga seier dei kjenner til barn som ikkje får deltatt i fritidsaktiviteter fordi det kostar for mykje. Vi kan ikkje ha det slik at born sit på sidelinja fordi prisen for å delta er så alt for høg.

Frivillige, idrettslag, klubbar og foreiningar gjer ein stor jobb. Men det kan ikkje stoppe der, vi treng og ein felles innsats. Derfor har KrF i statsbudsjett etter statsbudsjett løfta tilskot til ferie- og fritidsaktivitetar for born i låginntektsfamiliar, slik at denne har gått frå 100 millionar i 2014 til 312 millionar i år.

Tiltaka for å sørge for at fleire kan delta er styrka, men vi kan ikkje stoppe der. Eg er glad for at i Granavold-plattforma seier at ein skal innføre eit fritidskort. Det er eit tiltak som skal sikre at alle born og unge gratis fritidsaktivitet tilbod uansett kva inntekta til foreldra er.

Ordninga er inspirert frå Island, der den var del av eit krafttak for å hindre utanforskap blant unge. For 20 år siden var islandsk ungdom blant de som ruset seg mest i Europa. Idag ligger de helt på bunn. Et av fleire tiltak dei gjorde då, var å innføre ei nasjonal fritidskort-ordning.

Fritidskortet er ein siger for barn og unge fordi det er å investere i barn og unge og deira rett til fritidsaktivetar. Det er ikkje politikere som skal bestemme kva for nokre fritidsaktivitetar lag og foreiningar skal tilby, det skal frivilligheten bestemme sjølv. Men det er politikarar sitt ansvar å legge til rette for desse aktørane slik at dei kan gje barn og unge eit breitt fritids- og aktivitetstilbod rundt om i heile landet.

Vi vil ikkje ha eit samfunn der om du får delta på bana eller må sitte å sjå på blir bestemt av foreldrene dine si inntekt. Vi må bygge mange fellesskap, der kvar enkelt kan oppleve mestring og samhald. Derfor skal vi i KrF alltid kjempe for barn og unge og deira rettar i samfunnet. Fritidsaktivitetar er ei investering i framtida!

Les også
Sørg for at det er plass også til de uten rike familier i ryggen
Les også
Alle barn bør ha rett på minst en fritidsaktivitet