Fra virkeligheten - fem påstandar å ta stilling til

Her kjem fem påstandar - basert på verkeleg forkynning eg har høyrt - som du kan ta stilling til. Drøft gjerne også: Har du høyrt liknande forkynning tidlegare, evt. kor lik har denne vore? (Merk: Sjølv hevdar eg ikkje dei lærene eg her refererer.)

Påstand 1:

Gud har lova oss lækjedom (helbredelse) dersom vi trur at han har det. Dette ut frå Jesus’ frelsesverk/kors.

Påstand 2:
Det talet piskeslag Jesus Kristus fekk, tilsvarer talet på dei “hovudsjukdommane” ein kan ha.

Påstand 3:
Det finst fire måtar å gi, og bli velsigna ved å gi, på: tiende, heilage gåver, lova om å så og hausta * samt det å gi eit offer.

Påstand 4:
Du kan gjerne kommandera at pengar skal koma til deg - og då gjerne ved å snakka til sjølve pengane. Sei gjerne: “Kom, pengar!” Det er ein fin proklamasjon.

Påstand 5:
Det er syndig å tala eller skriva kritisk om forsamlings- eller verksemdleiarar i kyrkjesamanheng.
_____
*) Bønene dine får ein “dobbel effekt” når du “blandar dei med eit såkorn”.