SAMFUNNET LAMMA: Bussar og undergrunnsbanen i Hong Kong vert hindra på grunn av demonstrasjonar, vandalisme og blokkerte gater.

Frå samlesong til skyting og splid

Det er i desse dagar eit halvt år sidan demonstrasjonane starta i Hongkong. Kunngjeringa av lovforslaget om at personar som har søkt tilflukt i Hongkong kunne utleverast til Fastlands-Kina og straffast der, gjorde at folk tok til gatene i store mengder.

9. juni var rundt ein million menneske i gatene og demonstrerte. Dei frykta at lovforslaget ikkje berre ville gjere at ettersøkte kriminelle kunne utleverast, men at Kina også ville straffe dissidentar og personar som var kritiske til regimet i folkerepublikken.

I starten var demonstrasjonane fredelege. Eit karakteristisk trekk var salmesongen. Demonstrantane song hymnen «Sing Hallelujah to the Lord». Omtrent 12 prosent av dei 7,5 millionar innbyggjarane i Hongkong er kristne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den kristne påverkinga i Hongkong er likevel større enn det prosenttalet skulle tilseie. Utanlandsk misjon har i mange år hatt eit stort arbeid i den tidlegare britiske kolonien. Kristne barnehagar, skular, universitet og sjukehus utgjer ein vesentleg del av utdanningssystemet og helsevesenet i Hongkong, og har gjennom mange tiår vore med på å prege store delar av folket.

Etter å ha vore britisk koloni i over 150 år, vart Hongkong overlevert til Kina 1. juli 1997. Hongkong fekk då status som eit spesielt sjølvstendig område innan Folkerepublikken Kina. Denne statusen sikra ei vidareføring av Hongkong som frihandelsområde. Hongkong er rekna for å vere tredje viktigaste finans- og handelssenter i verda etter New York og London.

Etter overleveringa til Kina skal Hongkong ha sin spesialstatus i 50 år. Slagordet som vert nytta om Hongkong i dag er «Eitt land, to system». Hongkong høyrer til Kina, men er veldig ulikt. Det er ikkje demokrati i vestleg form i Hongkong, men ein har stor grad av trusfridom og ytringsfridom.

I oktober vart lovforslaget trekt attende. Demonstrasjonane held likevel fram. No er fokuset at ein ynskjer frie og rettferdige val utan innblanding frå Kina. Demonstrasjonane har også hardna til. I staden for salmesong er det no lyd av pansra køyretøy og smerteskrik frå demonstrantar som har vorte råka av tåregass som høyrest. Særleg er studentane aktive og mange av dei har forskansa seg på universiteta, som difor no er stengde og samfunnet er på mange måtar lamma.

Det bur over sju millionar menneske på eit landområde på vel 1000 km2 (Knapt halvparten av Vestfold fylke). Dagleg reiser over fem millionar passasjerar med undergrunnsbanen og endå fleire med buss. Demonstrantar lammar undergrunnsbanen ved å stille seg i dørene på toga. Då kan ikkje dørene lukkast og toga blir ståande på stasjonane. Bussar vert også hindra på grunn av demonstrasjonar, vandalisme og blokkerte gater.

Snart er halvparten av 50-årsperioden med spesialstatus for Hongkong passert. Når ein ser utviklinga innan religionsfridom, ytringsfridom og personleg fridom i Fastlands-Kina, er det ikkje så rart at mange i Hongkong er skeptiske til kva som kjem til å skje etter 30. juni 2047.

Mange kristne har vore engasjerte i demonstrasjonane frå starten av. Salmesongen er eit tydeleg prov på det. Fleire pastorar og kristne leiarar har også engasjert seg i demonstrasjonane. Samstundes er det også mange innan kyrkjene som er skeptiske til det som skjer. Forsamlingar blir splitta på grunn av usemje om politikk og haldning til demonstrasjonane, spesielt der det er vandalisme og vald.

Mange kristne fellesskap forvitrar grunna skepsis til kvarandre og dei har store vanskar med å komme saman på grunn av at transportsystemet i Hongkong er lamma. Hongkong dekkjer eit lite geografisk område og det er lett og ganske billeg å reise.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Difor held mange fram i den kyrkja dei har gått i tidlegare sjølv om dei flyttar til ein anna del av Hongkong. Det er difor mange som er avhengige av at kollektivtilbodet fungerer for at dei skal komme seg til kyrkja si.

Mange pastorar i Hongkong er travle og arbeider mykje. Den uroa som pregar Hongkong no skaper endå meir slitasje. Hongkong og Macao Lutherske Kyrkje (HKMLC) er ei frukt av Norsk Luthersk Misjonssambands arbeid.

Kyrkjepresident Leung fortel at ting er svært vanskelege for tida. Han seier at det er som om det er krig der. Han ber om forbønn og er svært takksam for alle som ber for Hongkong og dei som bur der. Det er ikkje berre i demonstrasjonane at salmesongen er stillare no enn for eit halvt år sidan. Mange av kyrkjene opplever diverre det same.