Frå død til liv!

Media er tida sin spegel, og gjev oss dagleg nærbilete av det som vert sagt og gjort. Mykje har mørke og deprimerande fargar, der menneskeleg egoisme og råskap vert bretta ut. Slik har det vore med dei fleste reportasjane frå Midtausten dei siste åra, også denne veka.

Der det før var yrande liv og blomstrande hagar, ser me no utbomba hus og familiar med småborn og gamle på flukt. Det er krigen si redsle, med ei usløkkande tørst etter makt, rikdom og råderett.

Midtausten. Området med vår kulturelle og historiske vogge, der mange enkeltmenneske er som små verdlause brikker i eit storpolitisk maktspel. Det er historia som gjentek seg. Igjen og igjen ser me det same. Finnes det ingen ende på vondskapen mellom oss?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ja, nokre av forslaga kan verke overraskande - at me treng sterkare, fleire og meir moderne våpen. Meir som kan skremme og hindre angrip, og som kan gjere oss i stand til raske motsvar og eventuelle hemnaksjonar. Eit våpenkappløp, lik det mange av oss har levd med i store delar av livet.

Likevel er noko nytt på gang i Midtausten. Noko som ikkje alle har oppdaga, og som få media har hatt syn for å skriva noko om. Frå dei rykande ruinane har det byrja spira fram det som ingen hadde trudd dei skulle få sjå. Noko som gjev nytt liv og ny von.

Me høyrer ein del om desse nye og overraskande hendingane gjennom våre kanalar. Det handlar om enkeltmenneske som har gjennomlevd trengsler og smerte. Som sjølve har sett død og øydelegging i land som Syria og Irak. Eller dei har budd i nabolanda, Libanon eller Iran.

Midt i dei områda som fram til no har vore ein sentral del av det islamske hus, vender menneske i tusental seg til Jesus Kristus. Dei byrjar vedkjenne han som Herre og Gud, og deler dette med sine.

Gjennom krig, terror og flukt har nye dører opna seg for ordet om den krossfeste og oppstadne Jesus, og ført til nytt liv. Ikkje berre for enkeltmenneske, men ofte for heile familiar og slekter.

Då ein nydøypt ringde heim for å fortelje far sin om si nye tru og den kristne dåp, venta han kritikk og fordøming. Tvert imot fortalde faren at han var seint ute. Over tretti av hans eigen familie hadde kome han i forkjøpet. Alle kvar på sin kant, og i møte med ulike kristne menneske og forsamlingar.

Det islamske hus er i ferd med å vakne opp til ei ny verd. Kontroll, pisk og strenge reglar, vert hjå mange bytt ut med ei nådefull og kjærleg Farshand. Dei får høyre Jesu ord; «Kom til meg, alle som strevar og har tungt å bera, og eg vil gje dykk kvile.»

Dette er den eigentlege arabiske våren.