Forsamlinga - støtte for sanninga

Kristen sett er sanninga djupast sett Gud - hans person, vesen og vilje. Denne sanninga er openberra for oss i Bibelen. Bibelsk sett er sanninga ikkje berre at noko er ein korrekt opplysning, men at det er i samsvar med Gud. Det som er sant, er med det etisk rett og svarar til Guds frelse. Slik sett har sanninga sin basis i Gud og i himmlen, ikkje i mennesket eller i noko på jorda. Men sidan denne sanninga er openberra for oss i Guds ord, er sanninga kjent for oss og vi har fått i oppdrag å ta vare på, vidareformidla og leva i samsvar med sanninga. Difor seiar Guds ord at den levande Guds kyrkjelyd, er «støtte og grunnvoll for sanninga» (1 Tim 3,15).

Den posisjonen og oppgåva kyrkja eller den kristne forsamlinga slik har fått, er viktig. Det er fatalt når kyrkja sviktar som støtte og grunnvoll for sanninga, og gjev seg over til rasjonalisme og vranglære. Det er like fatalt når sanninga vert individualisert og lausrive frå forkynninga og livet i den levande Guds forsamling.
Apostelen skriv til sin medarbeidar Timoteus for å rettleia han i korleis han skal «ferdast i Guds hus, som er den levande Guds kyrkjelyd». Det er sanninga som viser korleis ein skal ferdast i Guds hus, og i Guds hus skal ein ferdast slik at ein er støtte og grunnvoll for sanninga. I dette ligg ei bindande frigjering, og i det ei løyser seg frå dette vert ein ufri.
Forholdet til sanninga vil visa om ein ferdast rett i Guds hus og om ein er ei levande Guds forsamling. Dette kastar eit alvorleg og ranskande lys inn over Den norske kyrkja, og inn over Kristen-Noreg generelt.
Ved den bibelkritikken som har vunne rom i teologien, har fagteologien i stor grad undergrave kyrkja sin funksjon som støtte og grunnvoll for sanninga. Ved at den bibelkritiske teologien har fått sterk innverknad på læra og forkynninga, har kyrkjelydane i stor grad svikta som støtte og grunnvoll for sanninga. Dette har særleg kome til uttrykk i homofilispørsmålet og i samlivsspørsmål generelt, i læra om frelse og fortaping, i mangel på vekkings- og omvendingsforkynning - og med det i realiteten i ei underkjenning av sjølve påskebodskapen.
Det at kyrkja har svikta i kampen for og forvaltinga av sanninga, har fleire grunnar, men det har ikkje minst sin grunn i dyrkinga av fornufta - rasjonalismen, og i den postmoderne perverteringa av individet - relativismen. Den kristne forsamlinga sin konsentrasjon om Ordet, læra og forkynninga skal vera ei motvekt mot begge desse påverknadskreftene.
Peder K. Solheim, stipendiat ved Norsk Lærerakademi, har skrive ein interessant artikkel der han ser på nokre av dei momenta vi her har framme, i lys av den ortodokse kyrkja og ortodoks teologisk tenking (TTK nr. 1/10). Det er mykje i den ortodokse kyrkja vi ikkje kan gå god for, men i denne kyrkja sin konsentrasjon om Guds person - den treeinige Gud og Jesus som sann Gud og sant menneske, og korleis gudssanninga lever i den gudstenestefeirande kyrkjelyden, er det moment til ettertanke.
Sanninga kan ikkje individualiserast, og læra kan ikkje teologiserast. Sanninga har sitt høgsete i den levande Guds forsamling - sannings støtte og grunnvoll.