VELSIGNELSE: Professor Harald Hegstad skriv i Dagen om «dåpen – et sakrament for hele livet». Han tek trendane i tida som argument for ei kyrkjeleg nyorientering. T.d. «kan» det «bety ordninger for forbønn og velsignelse av barn som ikke blir døpt ennå».

Føregår det i dag eit like stort trusskifte som ved reformasjonen?

Ein ny reportasjeserie prøver å finna ut om prestar på grasrota har endra den grunnleggjande teologien i Den norske kyrkja.

Forfattaren Håvard Rem står bak eit journalistisk nybrottsarbeid. Nett no er han midt i ein serie intervju med prestar på grasrota, i Dag og Tid. Det er teologi som skal målast, ikkje med fagteologane sine millimeteraktige atterhald mot vågale påstandar, men med ord frå praktikarane: Kva trur dei på? Kva lærer dei? Er det kyrkja si tru dei forkynner?

Hypotesen som skal prøvast er denne: Har vi ein 500-års syklus for trusskifte her i landet? Det er omlag 1000 år sidan kristendomen «kom» til landet, og 500 år frå innføringa av reformasjonen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Føregår det i dag – i praksis – eit like stort trusskifte, der det vesentlege innhaldet i den evangelisk-lutherske kyrkja si lære om Gud, Kristus og arvesynda (merk: identisk med temaet i dei tre første artiklane i den augsburgske vedkjenninga!), og om nåden og det evige livet (fjerde artikkelen), vert gjeve opp eller endra?

Mindre enn halvvegs i reportasjeserien tyder mykje på at hypotesen kan stå seg. Merkeleg nok ser det ut til at intervjuobjekta sjølve måler grensa for kva som aksepterast ut frå biskopane sine (manglande) reaksjonar på det dei lærer. Med ein annan frisk debatt om biskoppeleg engasjement i forkynning og tekstutlegging i minnet, får dét stå som ein digresjon nett no.

Reint bortsett frå at Rem – og mange prestar – synest å vera uvitande om kva kyrkja tidlegare har lært om udøypte born sin evige lagnad (Pontoppidan: dei går «ingenlunde» fortapt), så er det all grunn til å gratulera både han og avisa med eit viktig tiltak.

Inn i denne problematikken skriv så professor Harald Hegstad i Dagen om «dåpen – et sakrament for hele livet». Han tek trendane i tida som argument for ei kyrkjeleg nyorientering (t.d. «kan» det «bety ordninger for forbønn og velsignelse av barn som ikke blir døpt ennå)», og det «må» bety at kyrkja si trusopplæring ikkje berre er for dei døypte.

Vi må gratulere Hegstad med at han knapt kunne funne betre tidspunkt for si nye bok om dåpen. Dette er uhyre viktige spørsmål. Men like viktig er det at svaret på utfordringane ikkje berre vert ei ny omdreiing i kyrkja sine konsesjonar til folkereligiøsiteten. Kyrkja sin strategi kan i så fall visa seg å underminera dåpsteologien, ved at ein i praksis, om ikkje beint fram i lære, gjev reformert og baptistisk teologi rett.

For er det noko som tyder på at barnevelsigning ikkje vil vera rikeleg nok for moderne menneske – vel å merke: når den skjer, ikkje for å understreka ei personleg vedkjenning til Kristus, men for å redda restane av ein kristen kultur?

Hegstad skriv: «Når ikke alle lenger blir døpt som barn, er det viktig å understreke at dåp er mer enn barnedåp.» Det er rett, men vi kan faktisk endesnu dette resonnementet: Det var då kyrkja døypte «alle» at ho meir iherdig skulle ha understreka at dåp er meir enn barnedåp.

I den siste dåpsliturgien sin har Den norske kyrkja på to område svikta denne oppgåva. For det første ved å røra saman skapings- og frelsesteologi på ein måte som er ei utfordring for sjølv den mest merksame tilhøyrar. For det andre ved at det såkalla «barneevangeliet» (Mark 10), som ikkje handlar om dåp, ved siste liturgiske kreativitet i Kyrkjemøtet blei plassert aller fremst i dåpsliturgien.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eit dårlegare økumenisk ­bidrag til forståing av dåpens ­rikdom kan vel knapt tenkjast.