Forbod mot «ungar som rek ute» etter klokka 18

Krykkjebakksundet blir første kommune i Noreg med barnevern i butikk.

Den nye leiaren for barnevernet vil dela ut iPad til alle under 10 år.

Eit år etter at Krykkjebakksundet vart eigen kommune, byrjar dei ulike etatane å koma på plass. Sist ute er barnevernskontoret, som fått plass i ein krok på handelslaget og blir styrt av Kvaslaug Kranglebotn. Ho blir barnevernsleiar ved sida av jobben som kassadame på butikken.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Barnevern i butikk» er eit nytt konsept i Noreg, og det var ein stolt ordførar Bergliot Gaukhei som torsdag føretok den offisielle opninga.

I talen, som blei framført på ein bruskasse medan kassakøen stansa heilt opp, la ordføraren vekt på at Kvaslaug Kranglebotn er rett person til å sørgja for at barn og unge i Krykkjebakksundet har gode oppvekstvilkår.

– Kvaslaug hadde 30 år bak seg som søndagsskulelærar, og betre kvalifikasjon skal du leita lenge etter, sa Gaukhei medan kassakøen blei lengre og lengre.

Kort opningstid

Sjølve barnevernskontoret er plassert i ein krok like ved godterihylla.

– Eit fantastisk utsiktspunkt for einkvar barnevernsleiar, meinte ordføraren, som opplyste at Kranglebotn vil ha fast plass i «barnevernskroken» kvar ettermiddag i tidsrommet 18.00-18.15.

– Det høyrest litt knapt ut?

– Det kan eg forstå, men berre vent til du høyrer kva me har tenkt. Men det tykkjer eg at den nye barnevernsleiaren sjølv kan fortelja, svara ein rørt ordførar.

Kommunale midlar

Og barnevernssjefen var ikkje sein å be. Med peikefingeren høgt heva og med ei stemme som overdøyvde summinga frå eit 50-tals utålmodige butikkundar, fortel ho at det er sett av «betydelege kommunale midlar» som på det næraste skal eliminera behovet for offentleg barnevern.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Alle familiar med born under 10 år, vil få utdelt iPad til kvar av borna. Samstundes vil kommunestyret vedta nye politivedtekter med forbod mot at born i denne aldersgruppa bevegar seg utandørs utan følgje av vaksne etter klokka 18. Men kven giddar å gå ut når ein kan kosa seg på barnerommet med eigen skjerm? sa Kvaslaug Kranglebotn.

– Gratis iPad til alle born?

– Det er jo utruleg at ingen har tenkt på det før. Krykkjeebakksundet blir ein pionerkommune på eit av dei viktigaste felta i samfunnet. Det er ikkje lenge før me har Dagsrevyen på døra, spår sjefen for den nye kommunale tenesta.

Omsorgsevne

Både barnevernsleiaren og ordføraren understrekar at målet er innan rekkevidde.

– Det er nesten ikkje ungar å sjå ute lenger. Me har framleis nokre foreldre utan den nødvendige omsorgssevnen. Foreløpige undersøkingar tyder på at dette er born som ikkje har eigen iPad. Mange av dei fer og rek i butikken på ettermiddags- og kveldstid, men vil altså bli fanga raskt gjennom den nye bemanningsordninga i barnevernskroken, forklarar Gaukhei og Kranglebotn.