Folkemøte etter valet i USA

Kva konsekvensar får valet av Donald Trump for Krykkje­bakksundet og Krykkjebakkdalen? Dette spørsmålet var bakgrunnen for eit godt besøkt folkemøte utanfor handelslaget torsdag kveld. Men ikkje alle rakk fram i tide.

– Hovudkonklusjonen er at valet av Donald Trump er svært bra for oss her i sundet og dalen, konkluderte ordføraren, som selde tjukke amerikanske pannekaker for over 2.000 kroner på litt over ein time.

Folkemøtet var lagt opp som ein quiz, der folk vart lova fine premiar dersom dei kom på ein eller fleire konsekvensar for Krykkjebakksundet eller Krykkjebakkdalen. Etter tre minuttar vart denne delen av programmet avslutta, ettersom det ikkje var nokon som kom på noko.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

God omsetning

Derimot gjekk salet av amerikanske og amerikansk-inspirerte produkt svært godt. Handelslaget hadde gode tilbod på lønnesirup, hamburgerar og majones og omsette for 55.000 kroner i siste timen før stengetid – sju gonger så mykje som på ein vanleg torsdag.

Herrefrisør Gloria Priscilla Skuggebergdal selde heimelaga Donald Trump-parykkar for 20.000 kroner, og svigerfar hennar, Asbjørn Roger Skuggebergdal, rekrutterte 24 nye medlemmer til Øvre Krykkebakken Antifeministiske Mannsforening (ØKAM). Nye medlemmer fekk 500 kroner og to sekkar grovsalt i velkomstgåve, samt lovnad om hjelp til deportering av vanskelege kvinnfolk.

– Folkemøte er tingen. Slike må vi ha fleire av, jubla butitikkstyrar Oldus Kneiken jr., som varslar liknande arrangement etter dei komande vala i Bulgaria, Austerrike og Frankrike.

Misnøgde elbil-folk

Men kvifor vart det så lite snakk om politikk? Og kvifor enda folkemøtet i rein kommers? Dette var den store snakkisen i Krykkjebakksundet i går. Venstresida i lokalpolitikken rettar sterk kritikk mot måten arrangementet vart gjennomført på. Dei lurar også på kvifor alle elbilane i kommunen punkterte ein halv time før folkemøtet skulle gå av stabelen.

Lillemor Lampe og Frida Finckeldrejer – begge entusisiastiske elbilførarar og palestinavener – meiner høgreradikale krefter står bak punkteringane og slik sørgde for at kritiske røyster vart ståande heime og skifta hjul i dei kritiske timane medan folkmøtet pågjekk. Dei varslar oppgjer i kommunestyret og trugar med å trekkja støtta til sitjande ordførar.

Mistanke

– Typisk folk på venstresida å koma med slike konspirasjonsteoriar. Eg skal vedda på at dei har stukke hol på dekka sine sjølve, berre for å ha noko å klaga på. Stalinistar kan ein aldri ta på alvor. Det lærte eg ein gong for alle i Berlin sumaren 1939, seier konspirasjonsteoretikar Ludvig Linde­flåten (96).

– Kven tru du står bak alle punkteringane ein halv time før eit folkemøte med potensiell kritikk av Donald Trump?

– Det må vera Dalai Lama.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Men du sa nettopp at dei har stukke hol på dekka sjølve?

– Ja, det er vel ingen motsetnad. Dalai Lama har sagt at dei skal gjera det. Det er vel i grunnen ikkje noko å lura på, seier Lindeflåten, som sikra seg fire flasker amerikansk lønnesirup til berre hundre kroner.

– Eg har ikkje hatt det så moro sidan dei store møta eg opplevde i Berlin i 1939, legg han til.