MINSTEMÅL: Ser vi saka frå denne sida, vil altså den like famlande som samlande folkekyrkja vi opplever for tida, kunna sikra at breie lag av folket enno ei tid vil ha høve til å oppleva eit minstemål av kontakt med kristelege livsperspektiv, skriv Per M. Aadnanes.

Folkekyrkje i ei etterkristen tid

Taper kyrkja for alvor sitt tidlegare tilnærma monopol på barnedåp, konfirmasjon, ektevigsle og gravferd, vil det med tida kunna redusera dei alt urovekkjande tala på dette feltet til eit kritisk lågt nivå.

Det gjev lite meining å kalla Noreg for «eit kristent land» i 2020. Det er i alle høve udiskutabelt at kristendommen har mista den tidlegare rolla si som berande livsperspektiv og samfunnsideologi.

I staden møter kristelege oppfatningar og synsmåtar i dag eit seinmoderne trus- og meiningsmangfald så å seia på likefot. Dei grunnlovsendringane som i 2012 avvikla det nedarva statskyrkjesystemet, kan såleis oppfattast som ein endeleg, om enn sein, politisk og juridisk attestasjon av denne situasjonen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Likevel definerer den nye paragraf 16 i Grunnlova framleis den no ikkje-statelege kyrkja som «den norske folkekyrkja» (bokmål: «Norges folkekirke»).

Dei historiske grunnlovsendringane bind altså den frigjorde kyrkja fast til den tradisjonelle folkekyrkjelege rolla si, og let henne med det halda fram som ein slags hybrid. På den eine sida er ho no både demokratisk sjølvstyrt og skild frå staten, medan ho på den andre sida framleis er fullfinansiert av staten og til og med «pålagd» å bli verande ei nasjonal folkekyrkje.

Å løysa Den norske kyrkja frå statsmakta var såleis ikkje det trylleslaget som skulle til for å skapa henne om til å bli eit «vanleg», tydeleg avgrensa trussamfunn, på line med dei alt eksisterande av det slaget i landet – om no nokon skulle ha trudd det.

I staden er det Stortinget si meining at kyrkja skal halda fram som eit slags modernisert og demokratisert offentleg religionsvesen med eit mål om å inkludera flest mogleg av folkesetnaden framleis.

Det kan sjølvsagt diskuterast kor gunstig det er at Grunnlova framleis skal få definera både eigenart og oppgåver for ei sjølvstendig kyrkje. Likevel, utan omsyn til kva for (kyrkje)politiske motiv som ligg bak dei aktuelle grunnlovsformuleringane, er det ingen grunn til å tru at den aktuelle kyrkjelege leiarskapen sine ambisjonar skil seg avgjerande frå desse.

Så langt synest det i alle høve å vera stor indrekyrkjeleg semje om å halda fast på rolla som ei open og inkluderande kyrkje for det store fleirtalet av folket.

I dag høyrer ca. 70 prosent av folkesetnaden i landet til Den norske kyrkja. Men tilslutnaden går klårt ned år for år. Den tilsvarande prosenten i 2010 var ca. 80. På ti år har det altså vore ein nedgang på ca. 10 prosent i forhold til folketalet.

Bak slike dystre tal ligg det ei samfunnsutvikling som har plassert det meste av kyrkje- og kristenliv heilt i utkanten av felleskulturen. Då talar vi eigentleg om heile den omfattande moderniseringa som dei siste par hundreåra har sekularisert vestleg og norsk felleskultur på heilt grunnleggjande vis.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og vi talar om eit samfunn, som trass i lokale variasjonar, i det store og heile kan karakteriserast som seinmoderne. Det tyder mellom anna at det råder ein utprega individualisme og dermed eit temmeleg uoversiktleg mangfald når det gjeld religiøs tru, moralske standpunkt og i det heile oppfatningar på livssynsområdet.

Dette medfører at ein også møter andre og langt meir krevjande utfordringar enn berre tap av tilslutnad, når ein ønskjer å følgja opp ein folkekyrkjeleg ambisjon i dag.

Det er såleis ikkje berre spørsmåla kring medlemsprosenten som vil bli avgjerande for folkekyrkja si framtid. Rett nok er inga kyrkje spart for utfordringar frå samtidskulturen. Men ei folkekyrkje vil måtta oppleva desse utfordringane sterkt også frå innsida, og difor ekstra krevjande.

Såleis er det ikkje overraskande, om enn tankevekkjande, når ein ei gransking frå i fjor finn at berre 22 prosent av kyrkjemedlemmene vedkjenner seg kyrkja si tru og tek del i gudstenestelivet. Samstundes er det faktisk litt fleire, 24 prosent, som stiller seg direkte avvisande til trua og omtrent aldri set foten sin innanfor ei kyrkjedør.

Dei resterande, det vil seie dei fleste, hamnar på ein glideskala midt mellom, i ein sekkepost granskinga kallar «opne», men som like gjerne kan oppfattast som meir eller mindre sekulære tradisjonalistar. (Tala er henta frå Vårt Land 05.11.19.)

Endå om ein skal ta slike talfestingar av tru og tvil med ei klype salt, tyder altså mykje på at visse gjenklangar av det livssynsmangfaldet som finst elles i samfunnet, inkludert både agnostiske og alternativreligiøse oppfatningar, også gjer seg gjeldande i folkekyrkja sin medlemsskare.

No skal det seiast at det folkekyrkjelege dilemmaet som eit indre mangfald representerer, slett ikkje er nytt i kyrkjehistoria. At ein i det heile har fått eit assortert utval av kristne kyrkjer og trussamfunn, viser at dette dilemmaet alltid har vore vanskeleg å leva med, og at det ofte har blitt «løyst» på skismatisk vis.

Freistinga til å ta farvel med den eksisterande «vranglærande» kyrkja og i staden etablera seg i nye «rettlærande» og tydeleg avsondra samfunn, har då også ridd den protestantiske verda som ei mare heilt sidan reformasjonen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Likevel er nok dei vanskane den folkekyrkjelege ambisjonen møter på dette punktet i dag, ei ekstra krevjande utgåve av dette allmenne dilemmaet. For det presset den sekulariserte og mangfaldsprega samtidskulturen påfører folkekyrkja i dag, synest å skapa djupare spenningar enn nokon gong før. Det har då også resultert i svært skarpe frontar mellom ulike fløyer i både teologiske og moralske spørsmål.

Det mest dramatiske dømet frå dei siste åra er striden omkring innføringa av ein liturgi for ektevigsle av likekjønna par. Den allmenne opinionen, som truleg også eit folkekyrkjeleg fleirtal deler, synest nemleg å gå i favør av denne radikale liturgiske – og samlivsetiske – endringa. Samstundes opplever mange, særleg det lågkyrkjelege misjons- og bedehusfolket, dette brotet med tradisjonell ekteskapsteologi som svært problematisk.

Nett dette kyrkjemøtevedtaket, og reaksjonane på det, kan visa seg å bli kritisk for folkekyrkja. Mange stader har nemleg bedehusfolket vore mellom dei mest aktive og engasjerte i det lokale kyrkjelivet, faktisk også i tider med teologisk strid. I samband med denne saka kan det likevel sjå ut til at store delar av dette lekfolket har fått nok, og finn at tida forlengst er mogen til å forlata Den norske kyrkja og etablera seg i eigne sjølvstendige bedehusforsamlingar i staden.

På kort sikt vil dette i alle høve kunna tappa kyrkja for viktige frivillige ressursar. Men langt alvorlegare på lenger sikt er den konkurransen om dei folkekyrkjelege livsritane som dei sjølvstendige bedehusforsamlingane legg opp til i mange lokalmiljø no.

For taper kyrkja for alvor sitt tidlegare tilnærma monopol på barnedåp, konfirmasjon, ektevigsle og gravferd, vil det med tida kunna redusera dei alt urovekkjande tala på dette feltet til eit kritisk lågt nivå.

At store delar av bedehusfolket no kan vera i ferd med å takka for seg er såleis eit svært alvorleg faresignal for Den norske kyrkja som folkekyrkje.

I denne situasjonen kunne ein nok ha ønskt seg at alle partar tok ein ørliten timeout for å tenkja gjennom kva ein vinn og kva ein taper om ein let folkekyrkja tørka inn. Her skal berre eitt moment til ein slik refleksjon hentast fram.

Det biletet vi så langt har teikna av ei avkristna og sekularisert samtid, treng nemleg nyansering på eitt viktig punkt: at det norske samfunnet trass alt har ei fortid dominert av kristendommen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ser ein nærare etter blir det såleis vanskeleg å oversjå at samfunnet vårt framleis syg næring frå røtene sine i ei fellesvestleg idéhistorie der kristendommen lenge var hovudleverandør av verdiar og normer, ja, av sjølve det grunnleggjande livsperspektivet som folk hadde å ty til.

Rett nok vil knapt nokon i dag hylla det slaget kristianisering av samfunnet som det statskyrkjelege embetsverket fekk utøva i tidlegare tider, med til dels krasse maktmidlar.

Kyrkjelege instansar har då også måtta ta eit oppgjer med mange av dei skavankane som tradisjonell kristendom diverre har fått dra med seg langt inn i nyare tid, som intoleranse, patriarkalske haldningar og autoritære samfunnsideal. Likevel ser mange, også utanfor dei kyrkjelege miljøa, at viktige etiske og kulturelle verdiar som vi framleis hyllar, er djupt rotfesta i den kristne kulturtradisjonen.

Trass i all tale om sekularisering lyt difor kyrkja og kristendommen sin langvarige dominans i vestleg kulturutvikling takast med i reknestykket når ein vil forstå mange av dei verdiane samfunnet vårt kviler på enno.

Endå om denne historiske bakgrunnen ikkje strekk til for å kunna kalla Noreg eit kristent land i dag, kan han i det minste minna oss på at vi lever i eitetterkristent samfunn. Og det er trass alt noko anna enn eitikkje-kristent samfunn.

For sjølv om det kristelege meiningsuniverset kan vera halvgløymt, og på langt nær sjølvsagt for folk flest lenger, er det enno ikkje sporlaust borte. Det gjev ikkje minst den høgtida vi nett har feira, tydelege påminningar om.

For trass i at jula er grundig kommersialisert, og på mange vis også sekularisert, inkluderer felleskulturen vår framleis fleire sentrale element av det tradisjonelle kristelege innhaldet i denne høgtida.

Likevel er det som finst av kristelege reminisensar i den samtidige felleskulturen ikkje garantert evig liv berre i kraft av den eigenvekta slike tradisjonar måtte ha.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I ei tid der ein uoversiktleg og ukontrollerbar informasjonsflaum lét få sanningar overleva til neste dag, er det såleis god grunn til å frykta at også dei kulturelle etterdønningane etter den kristianiserte fortida vår vil kunna tapa seg temmeleg raskt.

Men så lenge det finst ein landsdekkande samfunnsinstitusjon med tilslutnad, ressursar og aktivitet nok til å kunna nøra opp under denne kulturarven både lokalt og sentralt, med andre ord ei folkekyrkje, vil ei slik utvikling likevel kunna haldast i sjakk lenge enno.

For eigentleg er det vel berre ei folkekyrkje av det slaget vi har i dag, med det omfanget og dermed med det mangfaldet ho lyt gje rom for, som vil vera i stand til å halda liv i dei spora av det kristne meiningsuniverset som framleis finst i allmennkulturen.

Ser vi saka frå denne sida, vil altså den like famlande som samlande folkekyrkja vi opplever for tida, kunna sikra at breie lag av folket enno ei tid vil ha høve til å oppleva eit minstemål av kontakt med kristelege livsperspektiv.

Steller ein seg derimot slik at folkekyrkja tørkar inn, vil også det alt haltande medvitet om det kristne kulturgrunnlaget vårt høgst sannsynleg bli borte. Og det kan vel korkje kyrkjeleiing, bedehusforsamlingar eller noko kristeleg trussamfunn i det heile oppfatta som ein føremon.