TIL AFRIKA: 11 norske ungdomar har lagt bibelskuleåret til Aust-Afrika. Elevane ved TeFTUtland på Fjellhaug Bibelskole i Oslo gler seg til fem månader i Kenya og Tanzania der dei i tillegg til bibelundervisning skal delta på evangelisering både i storbyen Nairobi og ute på landsbygda.

Flytter bibelskoleåret til Afrika

Elleve bibelskuleelevar på Fjellhaug Bibelskole i Oslo flyttar fem månader av skuleåret til Afrika. Overgangen til afrikansk mat og kultur og eit liv nesten utan Internett er tøft for enkelte.

I månadskiftet oktober-november dreg åtte jenter og tre gutar til Nairobi, Kenya, for å driva evangelisering og misjonsarbeid. I fem månader bur dei på enkle tomannsrom så å seia utan privatliv i ein kultur som er svært ansleis enn dei er vane med heime. Men dei er alle tent av tanken om å dela si tru og vera til oppmuntring for afrikanske kristne i landa Kenya og Tanzania der Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) arbeider.

Opptatt av misjon

– Nokre av dei er misjonærbarn, medan andre lurer på om dei skal bli misjonærar. Dei fleste er opptatt av misjon og evangelisering. Alle veit vi kva misjon er, men desse elleve vil sjå og oppleva det i praksis, seier kontaktlærar Janne Mjølhus som leiar TeFT-linja på Fjellhaug.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Er eventyrlyst også eit motiv?

– Ein må jo ha litt eventyrlyst­ ­eller misjonstrang for å velgja å vera vekke så lenge som fem ­månader, seier Mjølhus.

Statsstøtte

Sidan 2007 har TeFT vore eit ­pilotprosjekt ved sida av bibel­skulane til NLM. Frå hausten 2015 er linja ein del av Fjellhaug Bibelskole sitt skuletilbod, og elevane har dermed rett til lån og stipend frå Statens Lånekasse. Fram til no har elevane på TeFT-linja finansiert utgiftene ved skuleåret sjølve, ein kostnd på nærare 50.000 kroner. Med den nye ordninga kostar linja omlag det same som dei andre bibelskulelinjene.

Elevane på TeFT-linja er med i miljøet og undervisninga på Fjellhaug fram til månadsskiftet oktober-november. Det betyr 18 timar fellesfag og 12 timar linjefag kvar veke. I linjefaga får dei undervisning i tverrkulturell kommunikasjon, misjonsforståelse, feltkunnskap og språket swahili.

Stor overgang

Deretter ventar fem månaders praksis i Øst-Afrika – fram til påske neste år. Det betyr bibelskule og arbeid ved Misjonssambandets hovedbasar i Kenya og Tanzania. Den overgangen kan bli litt voldsom for enkelte.

– Særleg det første møtet kan bli eit lite kultursjokk for enkelte. Forskjellen er ikkje så stor i Nairobi, ein storby med fem millionar menneske og med kjøpesenter der ein kan få tak i alt. Det blir litt verre i Pokot, der Internett ikkje alltid fungerer og vi ikkje alltid får tak i ting. Det kan nokre synast er litt tøft. Men så er dei også godt førebudd på dette, seier Mjølhus.

Ute på oppdrag

I tillegg til undervisninga, kan dei lytta til lydfiler frå Fjellhaug. Elles er dei med på evangelisering i byar og landsbyar, går på husbesøk og er med i husfellesskap. Alt skjer saman med nasjonale kristne eller faste utsendingar frå NLM. Dei er saman med barn og ungdom i spel og idrett, og er med på ungdomsleirar. På gudstenester kvar søndag deltek dei med sang og vitnesbyrd i god afrikansk tradisjon.

Dei norske bibelskuleelevane har engelskundervisning for bibelskuleelevane ved Kiabakari Bibelskule i Tanzania. «TeFTarane» deltek også saman med elevane på Kiabakari i arbeidet på åkrane med dyrking av mais, kaffe, grønsaker og stell av grisar som skulen har for å dekkja opp for utgifter til skuledrifta.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Dette er eit ansleis liv enn dei er vane med. Det er lite og ikkje rom for privatliv. Dei bur saman to og to på romma i fem månader der veggane ikkje er isolerte. Det byr på utfordringar, og dei må ta omsyn til kvarandre, og det er tøft for enkelte. Men dei lærer mykje av dette, dei vert kjempegodt kjent med kvarandre og synest det er ganske artig. Vi har aldri opplevd at nokon har hatt det så tøft at dei har brote opphaldet, fortel Mjølhus.

Lønnkammertid

I opplegget er det sett av tid til det ho kallar «lønnkammertid».

– Dette er noko elevane dreg fram som svært positivt ved opplegget. Vi ønskjer å prioritera personleg tid til bønn og bibellesing fordi vi trur det er viktig. Når ein har fått prøvd det over lang tid, opplever ein kor godt det er, og fleire seier dei håpar dei skal klara å halda fram med dette.

Janne Mjølhus fortel om praksis blant afrikanske kristne som alltid er klare til å avleggja eit vitnesbyrd eller halda ei lita andakt.

– Det er vi ikkje vane med i Norge, så fleire av elevane seier dei går tomme for vitnesbyrd. Dei ønskjer meir påfyll for å ha noko å dela og vitna om og alltid vera klare til å seia noko om si tru, slik afrikanske kristne er.

Rekruttering

TeFT-linja opplever ho som ein god måte å rekruttera nye medarbeidarar til misjonen på.

– Vi ser at nokre av dei som har gått TeFT-linja, er no i arbeid på misjonsmarka. Ein får ei anna oppleving av misjon og vert meir gira på dette når ein har fått smaken på misjonsmarka. Og folk som held fram i anna arbeid i Norge, vert ein ressurs for misjonen heime når dei har sett arbeidet ute på nært hald, sier Mjølhus.

Les også
Hvordan ser misjon ut i fremtiden?
Les også
President tatt til fange
Les også
Fant våpen og narkotika i norsk skip
Les også
Tok opp studielån for å bli rusfriRusplan
Les også
9.000 flyktninger og migranter til Kroatia på én dag