Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Fins det profetar i Noreg i dag?

Utifrå Bibelen meiner eg vi må svare ja på at Gud vil det skal finnast profetar i Norge i dag.

Dei kristne miljøa mange av oss vakse opp i, var prega av ein skepsis til det overnaturlige, helbreding av sjuke, nådegåver med meir. Det var noko ein ikkje skulle snakke altfor høgt om.

Vi visste ikkje å setje ord på det, men vi var prega av sessasjonisme, eit ord som kjem frå det engelske ordet «cessate» (også verbet cease). Dette har igjen si rot i det latinske ordet «cessare» og betyr å «slutte, opphøyre, dø ut».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men er sessasjonisme bibelsk? Har Andens arbeid døydd ut, eller opphøyrt? Har han slutta å arbeide, eller nedtona visse aspekt av sitt virke på jorda? Når byrja i så fall det? Treng vi ikkje den Heilage Ande lenger? Kvar i Bibelen står det at Gud avslutta nådegåver og mirakel i den apostoliske alder?

Sessasjonistar vil utheve enkelte bibelvers for å underbygge eit slikt teologisk syn. Dei ligg difor i konflikt med pinsevekkelsen som starta tidlig på 1900-talet eller den karismatiske fornyinga som kom på 60-talet.

Så kan ein undre seg på: Kvifor er sessasjonistiske teologar så opptatt av å avgrense den Heilage ande sitt arbeid? Kvifor vil dei så gjerne avfeie nådegåver, mirakel og profeti? Hadde det ikkje berre vore flott om desse manifestasjonane kunne hjelpe folk til tru og vekse i den?

Kor lenge skal apostlar og profetar ha ei fungerande teneste, ifølge Paulus? Efes. 4: 11–13 gir oss eit klart svar på det: Og det var han som gav somme til å vera apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar.

Slik kunne dei heilage bli utrusta til teneste og Kristi kropp byggjast opp, til vi alle når fram til einskapen i trua på Guds Son og i kjennskapen til han og blir det mogne mennesket som har nådd sin fulle vekst og har heile Kristi fylde.

På engelsk står det like klart: «So Christ himself gave the apostles, the prophets… to equip his people for works of service, so that the body of Christ may be built up until we all reach unity in the faith…»

Har vi nådd fram til einskapen i trua på Guds Son og kjennskapen til han? Har Guds folk blitt «det mogne mennesket» og nådd sin fulle vekst der vi vandrar i heile Kristi fylde? Neppe enno.

Paulus seier ikkje at vi har nådd dette målet. Med andre ord står det igjen ei oppfylling av denne skriftstaden.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi er Kristi brud, men denne bruda er ikkje fullvokst enno. Ho er rein i Jesu blod, tilgitt og utvalt. Men ho er ikkje ferdigpynta og klar til å møte sin brudgom. Likevel vil alt dette bli fullbyrda ein gong: «For tida er komen då Lammet skal halde bryllaup. Brura har gjort seg klar, og det er gjeve henne ei drakt av skinande reint lin. Linet er dei rettferdige gjerningane til dei heilage» (Joh. Op. 19:7–8)

I lys av eit slikt panorama skulle vi forvente å ikkje berre sjå tenestegåvene pastor (hyrde), lærar og evangelist, men også profetar og apostlar i Jesu kyrkje i landet vårt. Vi let det apostoliske ligge for denne gong.

Så – fins det profetar i Noreg i dag? Vi må anta at det gjer det. Kanskje er vi berre for umodne og redde for slike tenestegåver, fordi dei har i seg noko vi ikkje heilt kan kontrollere. Og så har det kanskje også vore sjølvutnemnde profetar som har skada Guds folk, eller profetiske gåver som har blitt misbrukt, og Guds born har blitt såra i staden for å ha blitt oppbyggt.

På den andre side er der mange med sanne profetiske gåver som har blitt misforstått, undertrykt og avvist.

Vi veit at trua kjem «av bodskapen ein høyrer» (Rom. 10:17), og dersom tenestegåvene inkludert profetar og apostlar aldri blir undervist om eller framheva, så kan vi ikkje rekne med at mange som kjenner eit slikt kall vil mønstre til denne delen av Guds hær.

Utifrå Bibelen meiner eg vi må svare ja på at Gud vil det skal finnast profetar i Norge i dag. På same måte som det fins opplæring og skular for pastorar, forkynnarar (lærarar) og evangelistar, så er det på tide å få eit sterkare nettverk til oppmuntring, opplæring og oppfostring av dei i Noreg som fornemmar at dei er kalla til denne tenesta.

Viss ikkje vil Jesu kyrkje bli langt fattigare og dårligare rusta til å fullføre heile si endetidsoppgåve.