Fellesskap

Apg 2:42: Dei heldt urikkande fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, ved brødsbrytinga og ved bønene.

Dette blir sagt om dei mange som tok imot bodskapen til frelse den første pinsedagen. Dei fann snart ut det var livsnødvendig å halda saman og å bruka dei kraftkjeldene som Gud hadde laga i stand for dei som ville bli bevarte på vegen til himmelen. Dei trong næring som kunne byggja dei opp og gje dei kraft og mot til vandringa i lag med Jesus. Fellesskapet av dei truande er viktig. «Saman er vi sterke,» seier vi stundom.

Ja, vi kan styrkja kvarandre ved å koma saman og dela Guds ord, be i lag, og halda nattverd saman. Det er også godt å sjå at vi er fleire som deler den same trua, og har det same målet. I Apg 28:15 står det slik: Då Paulus såg brørne, takka han Gud og fekk nytt mot.

Dei heldt urikkande fast ved dette. Ingen ting kunne ta frå dei dette privilegiet og denne prioriteringa. Når dei heldt fast ved samfunnet med dei andre, så ligg det nær å tru at dette skjedde regelmessig, og ikkje berre når dei ein og annan gong fekk lyst til å vera der dei andre var. Dei berre måtte vera saman, for ikkje å gå glipp av den velsigninga som låg i fellesskapet med dei andre.

Annbjørg Barane,

pensjonert bibelskulelærar