Feirar 95 år med offensiv for evangeliet

Spakare røyst og svakare kropp hindrar ikkje Billy Graham frå å markere sin 95-årsdag med ein misjonsframstøyt. Evangelisten som er kjend for massemøte, satsar no på relasjonsevangelisering.

Telt, «drive in»-ki­no­ar og skate­board­par­kar vert tekne i bruk når eit ny­inn­spelt pro­gram med ver­das mest be­røm­te pro­tes­tan­tis­ke for­kyn­nar skal sy­nast på burs­da­gen hans og vi­da­re gjen­nom helga. Pro­gram­met «The Cross», som også inne­held vitne­mål frå to unge mu­si­ka­rar, vert kring­kas­ta av Fox. Det vert også over­ført via in­ter­nett og er til­gjen­ge­leg på dvd.

Kam­pan­jen «My Hope Ame­rica with Billy Gra­ham» kan vere den størs­te evan­ge­li­se­rings­ak­sjo­nen i ame­ri­kansk his­to­rie, iføl­gje Chris­ti­an Post.

- Av heile hjar­tet mitt vil eg over­late deg san­nin­ga om at han els­kar deg og ønskjer å tilgi syn­de­ne dine, seier Gra­ham i opp­ta­ket som er inn­spelt i hei­men hans i Nord-Ca­ro­ni­na til kam­pan­jen. Dei siste åra har verds­evan­ge­lis­ten vore inn­lagd på sjuke­hus flei­re gon­ger. Svekt helse gjer at han ikkje har prei­ka of­fent­leg sidan 2006, men i opp­ta­ket fram­står han vital i for­hold til al­de­ren.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kjær­leiks­er­klæ­ring

Opp­tak frå vel­makts­da­ga­ne til masse­pre­di­kan­ten Gra­ham inn­lei­er ein re­klame­film for den store ak­sjo­nen.

- Nes­ten kvar ein­as­te avis ropar til oss: Haus­ten er moden. Ma­te­ria­lis­me, po­li­tikk, nar­ko­ti­ka, al­ko­hol, sex, pen­gar, fals­ke fi­lo­so­fi­ar og re­li­gio­nar - og alle slår feil, seier Gra­ham i ei yngre ut­gå­ve. Han mei­ner mil­lio­nar av men­nes­ke sø­kjer etter svar. Det sy­nest han burde gjere krist­ne desto iv­ri­ga­re etter å for­kyn­ne det dei trur er den eine og sanne løy­sin­ga i møte med frykt og pro­blem.

- Eg er over­tydd om at den størs­te kjær­leiks­gjer­nin­ga vi kan gjere for ein annan per­son, er å for­tel­je han om Guds kjær­leik til han i Kris­tus, held han fram.

Og Gra­ham har ty­de­leg­vis ikkje endra over­ty­ding. Han har grunn­gitt den ko­man­de kam­pan­jen med at be­ho­vet for ei ån­de­leg for­ny­ing i USA er stør­re enn nokon gong tid­le­ga­re.

Trass i at ame­ri­kansk kris­ten­liv på mange måtar fram­leis er ei stor­makt i verda, er kyr­kje­ne i USA sterkt ut­ford­ra av au­kan­de plu­ra­li­se­ring og se­ku­la­ri­se­ring. Tenden­sen er klår i ei rad opi­nions­må­lin­gar.

Guds ma­skin­ge­vær

Sonen Frank­lin, som har teke over lei­in­ga av Billy Gra­ham Evan­ge­li­s­tic As­socia­tion, mei­ner Ame­ri­ka i dra­ma­tisk grad har vendt seg bort frå Gud i løpet av dei siste 50 åra.

- Vert lan­det vårt betre? Nei, lan­det vårt vert verre, seier sonen.

Frank­lin for­tel at faren har hatt ein vi­sjon om å nå USA ein gong til med evan­ge­li­et. Han opp­mo­dar flest mo­ge­leg om å delta for at kam­pan­jen skal nå så langt ut som råd.

Over 25.000 kyr­kje­ly­dar i alle dei 50 ame­ri­kans­ke del­sta­ta­ne har slut­ta seg til «My Hope Ame­rica». Det er også pro­du­ser­te flei­re halv­ti­mes vi­deo­ar med vitne­mål frå men­nes­ke som for­tel om kva trua på Jesus betyr for dei.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ny bok og cd

Billy Gra­hams 32. bok kjem ut i sam­band med kam­pan­jen. Ho har fått tit­te­len «The Rea­son for My Hope: Sal­va­tion».

- Det vi sjel­dan stop­par opp og inn­ser, er at når vi er redda frå noko, er vi også redda for noko, skriv Gra­ham iføl­gje Chris­ti­an Post. Han un­der­stre­kar at ein står i gjeld til red­nings­man­nen sin. I boka legg han vekt på kor vik­tig det er å er­fa­re gleda og fre­den i re­la­sjo­nen med Jesus Kris­tus.

Ei rek­kje av dei mest kjen­de krist­ne ar­tis­ta­ne i den ame­ri­kans­ke mu­sikk­bran­sjen - som Michael W. Smith, Amy Grant og To­by­Mac - har også spelt inn ein cd med tolv nye låtar som er in­spi­rer­te av bod­ska­pen og te­nes­ta til Billy Gra­ham.

Bane­bry­tan­de inn­sats

Den breie medie­sat­sin­ga går inn i ein lang tra­di­sjon for Gra­ham. Noko av det som har gjort han unik, gjen­nom sju tiår i aktiv te­nes­te, er den bane­bry­tan­de bru­ken av media. Han var også ein føre­gangs­mann i å ta i bruk store sta­dion til evan­ge­lis­ke møte.

I USA vart han na­sjo­nalt kjend i 1949, etter eit sju veker langt kross­tog i Los An­ge­les, skriv mi­sjons­pro­fes­sor Tor­mod En­gelsvi­ken i Store Nors­ke Lek­si­kon. In­ter­na­sjo­nalt fekk Gra­ham gjen­nom­bro­tet sitt med eit kross­tog i Lon­don i 1954. Sidan hadde han ei rek­kje masse­mø­te­kam­pan­jar over heile verda. I 1955 og 1978 hadde han kam­pan­jar i Noreg.

Han tok ini­tia­ti­vet til verds­kon­gres­sen for kris­ten mi­sjon i Lau­san­ne i 1974. Dette vart opp­ha­vet til Lau­san­ner­ørs­la, som sam­lar evan­ge­lis­ke krist­ne over heile verda. Han er også kjend for ven­skap med flei­re ame­ri­kans­ke pre­si­den­tar.

Samt­le­ge tolv pre­si­den­tar frå Harry S. Tru­man (1945-53) til Ba­rack Obama i dag har møtt Gra­ham per­son­leg.

Ukjend for unge

«My Hope»-kam­pan­jen ret­tar seg mot men­nes­ke i alle ald­rar. Men blant dei unge er det mange som ikkje veit noko sær­leg om Gra­ham len­ger. 45 pro­sent av unge vaks­ne svar­te i ei Gal­lupp-un­der­sø­king i 2005 at dei ikkje kjen­de til han, iføl­gje Reu­ters.

Det er også blant dei unge at se­ku­la­ri­se­rin­ga kjem ty­de­le­gast til ut­trykk. Ein av tre under 30 år iden­ti­fi­se­rer seg ikkje med nokon re­li­gion, iføl­gje Pew Re­se­arch Cen­ter.

Store for­vent­nin­gar

Billy Gra­ham og or­ga­ni­sa­sjo­nen hans in­sis­te­rer på at be­ho­vet for å nå ut er desto stør­re. Der­som ein gjen­nom­snitt­leg ame­ri­ka­nar har hund­re na­bo­ar, mei­ner dei tala talar sitt ty­de­le­ge språk: Sju stre­var med de­pre­sjon, 14 opp­le­ver frykt eller angst, sju slit med rus, tre sør­gjer over ein kjær dei har mista, åtte har mista job­ben og 60 ved­kjen­ner ikkje at dei er fødde på nytt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Billy Gra­ham seier sjølv i re­klame­fil­men at «Mye Hope» er blitt brukt i mange andre land. Or­ga­ni­sa­sjo­nen hans opp­ly­ser at kam­pan­jen er brukt i 57 andre land sidan han vart lan­sert i 2002. Ti mil­lio­nar men­nes­ke skal ha gitt over livet sitt til Kris­tus som eit re­sul­tat av dette.

- Kvi­for ikkje i Ame­ri­ka? Eg trur dette vil bli ei stor mo­ge­leg­heit til å evan­ge­li­se­re, seier den snart 95 år gamle evan­ge­lis­ten.Dagen