Feil kontekst, biskopar!

Eg har ikkje møtt eitt einaste menneske etter KM, og aller minst hos dei liberale, som har vore interessert i den konteksten bispane viser til: å tolka eitt punkt i vedtaket i lys av og i samanheng med to andre punkt.

Som om ikkje Kyrkjemøtet hadde nok med si eiga plage, så ber tvert imot kvar einaste dag i etterkant med seg opplevingar som aukar denne plaga.

Den tyngste er å lesa forsøka på å harmonisera standpunktet om eit nei til likekjønna vigsel med at ein faktisk røysta for eit vedtak som opna for dette (Dagen 6. mai).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og ikkje berre det: Dei tre mest markante talsmennene for denne løysinga, Halvor Nordhaug, Ivar Braut og Harald Hegstad, vert også hylla som heltar av dei som ønskte denne endringa.

Medan ein av dei som no vert kalla til vitneboksen i lag med Nordhaug: den gode biskop i sør, under stor anfekting vart dregen inn att i bispefalden. Alle kunne sjå kva kvalar det valda.

Då nyttar det lite å ta Dagens redaktør i skule og læra han om samanhengen mellom tekst og kontekst! Dét var vel helst eit forsøk som skulle vore ugjort.

Som gode eksegetar bør biskopane Halvor og Stein veta at teksten ikkje berre har ein nær-kontekst. Den har også ein vidare kontekst. Og det er den som er interessant her. For oss «tysk-teologar» kan denne konteksten omtalast som «tekstens plass i livet»; det handlar om tekstens opphavlege teologiske, kulturelle og politiske kontekst.

Eg skal konkretisera: Eg har ikkje møtt eitt einaste menneske etter KM, og aller minst hos dei liberale, som har vore interessert i den konteksten bispane viser til: å tolka eitt punkt i vedtaket i lys av og i samanheng med to andre punkt.

Folk flest er – og med rette! – opptekne av kva vedtaket samla forkynner: 88 delegatar røysta for eit vedtak som seier at samlivet mellom to av same kjønn kvalifiserer for det vi forstår med «ekteskap».

Det er dette som er tekstens kontekst. Og Dagens redaktør viser seg å vera den beste eksegeten.

«Vi uttrykker dermed vårt prinsipielle syn,» skriv biskopane. På KM høyrde vi lite om dette synet. Vi høyrde ingenting frå den kanten som viste alvoret i situasjonen (Kvarme skal få ein viss kreditt fordi han var enig i min påstand om at vedtaket var «dramatisk»). Vi fekk inga støtte i at saksframlegget var heilt utan konsekvensutgreiing.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det var ingen biskopar som ut frå det første punktet i KM sin forretningsorden – at alle vedtak skal skje i lojalitet mot Skrift og vedkjenning – støtta oss i mindretalet. Til og med då vart skytset retta mot oss som røysta etter vår (og desse biskopane si) overtyding, aldri mot den andre sida.

Det mest alvorlege i innlegget frå dei to biskopane er enno ikkje nemnt. Dei hevdar at «vi har ved vår stemmegivning medvirket til å sikre rommet for vår forståelse av ekteskapet i kirkens fremtidige vigselspraksis». Dette er ein farleg retorikk. Den føreset at lesarane skal byggja alt vidare resonnement på den «faktiske» situasjonen. Men – med ein gong ein evnar å tenkja «utanfor boksen», så tvingar eit spørsmål seg fram:

Dersom Åpen Folkekirke (ÅF) hadde brukt makta si og lyst «vår forståelse» heimlaus i kyrkja, ville de då ha sete roleg og sett på det? Meiner de verkeleg at de kunne ha vore biskopar på KM og ÅF sine premissar? Hadde det ikkje tvert om opna seg eit enormt fri-rom for dykk – og for oss? Eit fri-rom der de ikkje kunne anna enn å rå prestane dykkar til å sjå bort frå vedtaket? Då kunne vi ha stemt i med salmen: «Jublende løfter vi her våre hender»! (NoS 674)

Dersom KM ville slå fast at kjønnspolariteten ikkje lenger er konstituerande for ekteskapet – ikkje eingong som unnatak – ville de kunna fungera som biskopar på slike premissar?

No har de faktisk langt på veg svara på dette, ved blankt å godta det siste punktet i KM sitt vedtak, det som seier at den nye liturgien også kan brukast i vigsler for heterofile.

Dette er i seg sjølv eit eklatant brot med Bispemøtet sitt eige vedtak, og med fungerande preses sine lovnader i Kyrkjerådet to månader før KM.

Men slik har de laga ein kanal inn i alle kyrkjelydar for ei lære som i praksis kanskje ikkje hadde blitt ei utfordring på 10 eller 20 år, eller kanskje i det heile ikkje i eit langt presteliv – i mange lokalsamfunn.

I realiteten har ikkje Den norske kyrkja ei lære om ekteskapet lenger. To innbyrdes motstridande «lærer» kan per definisjon ikkje formulerast som «lære». Vi står igjen med «syn» og «forståelser», der premisset er at vi skal tvingast til å «respektere» kvarandre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg vil oppfordra oss som skulle stå saman, til å ta dette siste ordet på alvor: Respekter. Det vil seia – etter ordet si bokstavlege meining: Sjå ein gong til,re-spectare! De har tida fram til neste KM i januar.Noko nytt må de koma opp med innan den tid!

For å seia det rett ut: De biskopar har ikkje sikra noko som helst. De har aktivt gjort fleirtalet langt sterkare enn det var grunnlag for. De har redusert mindretalet, og de har gjort rommet vårt i denne kyrkja tilsvarande trongt. Eit døme på det: De ville ikkje ha uro lokalt om dette spørsmålet. Derfor skulle ikkje kyrkjelydane få ta stilling til om dei ville ha denne nye liturgien.

Kva har vi fått? Lokal uro, sorg og sinne. Den lokale kyrkja har ikkje arenaer der desse spørsmåla kan verta løfta opp og drøfta slik dei fortener. Dei arme prestane vert hengde ut i vår tids gapestokkar, i «halar» til hatefulle innlegg i lokalaviser og på Facebook.

Du verden kor sikre dei kan kjenna seg, desse prestane.