Fastlåst busstreik

Konflikten i rutebillaget held fram på sjuande året. Men i går gjekk partane med på å læra litt om korleis det vart slutt på den siste store konflikten i Krykkjebakksundet.

For to år sidan var det som kjend streik i søndagskulen. Men etter berre tre månader vart konflikten løyst, rett nok med det resultat at søndagsskulen blei nedlagt, ettersom lærarane fekk søndagsfri inn i tariffavtalen. Eit anna stridstema var flanellografen, som lærarane ville ha fjerna, men som styreleiaren framleis ville bruka. Men ved eit slumpetreff vart flanellografen stolen, og det lukkast aldri å skaffa ein ny.

– Søndagsskulestreiken kan stå som mønster for konflikthandtering i arbeidslivet. Med litt kreativitet kan ein få slutt på den mest fastlåste konflikt. Men då må ein vera open for uante konsekvensar, påpeikar politisk redaktør Tarald Stangballe, som leia eit uformelt møte mellom partane i går kveld.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Pensjonert for lengst

Som kjend er fleire av streikane her i Krykkjbakksundet av den seigliva sorten. Skipparen på holmeferja la ned arbeidet i 1992, og streiken held fram sjølv om ferjesambandet vart formelt nedlagt i 2001. Skipparen sjølv er for lengst pensjonert, men står framleis på ferjekaien med gul refleksvest kvar laurdag frå 13.00 til 13.15.

– Det er prinsippet eg streikar for, seier tidlegare ferjeskippar Laurentius Lindeflåten (84), som ikkje hugsar kva prinsippet gjekk ut på.

Bussjåførane i KKB (Krykkjebakksundet og Krykkebakkdalen billag LL) har rett nok streika i berre seks år, men no tykkjer billaget sine passasjerar i Krykkjebakkdalen at det får vera nok.

– Dei siste 14 åra har eg som kjend levd som geit (sjå intervju i førre nummer), men no kan eg gå oppreist og er klar for busstur ned til sundet. Men kvar er bussen? spør Ragnhild Smørklepp.

Står i ro

Jau, bussen står i ro, og det har han gjort lenge. Sjåførane krev nemleg at utdanningsnivået for framtidige bussførarar skal tariffestast.

– Er ikkje det eit rimeleg krav, styreleiar i KKB, Primvald Krykkjebakk d.y.?

– I utgangspunktet kan det høyrast uskuldig ut, men eg kan ikkje begripa at det skal vera nødvendig med to mastergradar for å køyra den gamle Scania-en opp og ned dalen to gonger for dagen.

Det er streikegeneral Kvasmund Kranglebotn ikkje samd i. Han minner om det som skjedde 14. august 2010, då motoren stogga øvst i dalen, og det gjekk tre veker før det kom ein mekaniker frå byen og skifta kardangen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– I tillegg må morgondagens bussjåførar ha skikkeleg utdanning innan service. Eg minner om det som skjedde då mora til Klauvleif Smørklepp slutta å reisa med bussen. Vart det fordi ho snubla i trappa eller vart så fortutla at ho gjekk av på feil haldeplass? Nei, det var fordi forgjengaren min – namn skal ikkje nemnast – skjelte henne ut etter notar fordi ho ikkje sat midt i bussen. Rett nok var ho gamle Spenhild Smørklepp rund og god om både hofta og bringa, men nokon fare for stabilitet og trafikktryggleik utgjorde ho ikkje sjølv om ho insisterer på å sitja ved glaset rett framfor venstre bakhjul.