STAGGA: Narendra Modi (biletet) har verken mot eller vilje til å stagga dei kreftene han har sleppt laus og fått hjelp av på vegen mot fornya makt, skriv Johannes Morken. På biletet er Modi saman med USAs president Donald Trump.

Farleg indisk nasjonalist

India må gjerne ta sin plass som økonomisk stormakt. Men Modi er i full gang med å trakka på minoritetane og på viktige verdiar det moderne India er bygt på. Det bør få alarmklokkene til å ringa.

Både vi og Indias religiøse minoritetar har grunn til å vera redde etter at nasjonalisten Narendra Modi får ein ny femårsperiode med makt.

Noko av det viktigaste Modi og partiet BJP har gjort sidan dei kom til makta i 2014, har vore å fyra opp hindunasjonalistiske krefter som verbalt og tidvis fysisk angrip muslimar, kristne og kastelause dalitar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sjølv har Modi brukt valkampen til å polarisera samfunnet, han er Indias utgåve av Donald Trump, noterer The Washington Post.

Modi har i valkampen knapt sagt eit ord om vanskane i økonomien og den veksande arbeidsløysa. I staden har han brukt sjølvmordsangrepet i den indiske delen av Kashmir i midten av februar til å mistenkeleggjera alle muslimar som terroristar. Han har framstilt sitt eige parti BJP som Partiet for hinduar og for nasjonal tryggleik.

Hinduisme, hatefull retorikk, bombefly og atomknapp er ei eksplosiv blanding av religion og makt.

Modi har klart å marknadsføra seg som den fattige te-seljaren som blei statsminister, mannen som kunne setja den gamle eliten i Kongresspartiet på plass. Han har gitt indiske veljarar ny sjølvtillit, og sjølvkjensla vert dyrka fram med religiøs nasjonalisme: Å vera hindu er det sjølvsagde. Dei som ikkje er hinduar, er ikkje verkelege indarar, lyder det i hindutva-ideologien.

«I fleire tiår er dette poenget hamra inn, no har det endeleg gjeve frukt, etter at nye generasjonar har vakse opp utan å ha sterk forståing for Indias historie», skriv kommentatoren Sidharth Bhatia i den uavhengige nettavisa The Wire. Det er diverre ikkje mange uavhengige aviser att i det vi til no har kalla «verdas største demokrati».

Kommentator Bhatia er klar på kva veljarane til Modi vil krevja meir av og få meir av: «Minoritetane som alt er knuste, vil bli totalt tilsidesette. Statsborgarskapen og lojaliteten deira vil problematisert. Dissentarar vil bli straffa, og alle institusjonar vil bli underordna eit høgare gode – den større herlegdommen til Mor India.»

I denne «indiske draumen» vil minoritetane «bli sette på plass, sjølv om det også inneber at nokre av dei vert lynsja og drepne», skriv Bhatia.

Sidan hinduar reknar kyr som heilage, får ekstremistane ofte spelerom til å angripa muslimar som sender kyr på marknaden. Ein fersk rapport frå Human Rights Watch (HRW) fortel at mellom mai i 2015 og desember i fjor blei minst 44 menneske – 36 av dei muslimar – drepne. Grunnen var mistanke om slakting av kyr og eting av storfekjøtt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sidan dette berre ser ut som sporadiske og isolerte valdsangrep, er det vanskeleg å prova at regjeringa er involvert. Men Human Rights Watch har i dei 11 sakene dei detaljert har dokumentert, vist at politiet sviktar – ved ikkje å etterforska, ved tidvis å dekkja over brotsverk og ved også å retta klagemål mot offera og familiane deira.

«Lynsjing er blitt eit nasjonalt prosjekt», seier den indiske journalisten Mohammad Ali i ein sterk reportasje i The New Yorker.

Då statsminister Modi starta valkampen i fjor haust, gjekk han for første gong ut mot valdsangrep mot religiøse minoritetar. Men det var altfor lite og altfor seint. Modi har verken mot eller vilje til å stagga dei kreftene han har sleppt laus og fått hjelp av på vegen mot fornya makt.

At utviklinga går i gal retning kan evangeliske kristne skriva under på. Det har vore sterk vekst i hatefulle verbale og fysiske angrep også på kristne sidan maktskiftet i 2014. The Evangelical Fellowship of India la nyleg fram ein deprimerande rapport om vekst i hat og målretta vald i 2018 – og har lenge åtvara mot at kristne kan mista tiltrua til at regjeringa vil verna dei mot valdelege ekstremistar.

I august og september i fjor vart fleire kristne pastorar arresterte i Uttar Pradesh, somme midt under gudstenester, fortel årsrapporten frå United States Commission on International Religious Freedom. Politi og ekstremistar har veksla på å slå til. Dette har det vore nye døme på i andre delstatar i vekene før valet.

Åtte indiske delstatar har vedteke lover som kriminaliserer konvertering – i praksis eit forbod mot å skifta frå hinduisme til kristendom. Feilaktig blir dei kalla lover for religionsfridom, i praksis er dette det motsette. Det heiter at konvertering er forbode ved tvang og pengar. Men lovene er så vide at dei kan brukast til eit reint forbod mot å forkynna det kristne evangeliet for hinduar.

Den lovpålagte prosessen som konverterte må gå gjennom for å bli godkjende, er dessutan så tung at knapt nokon vågar. Lovene er meinte som avskrekking. Kristne blir i flammande polemikk framstilte som ein fare for Indias sjel – ved at dei vil konvertera folk vekk frå det som skaper India. Flammande, hatefull retorikk rammar også kristne.

Indias grunnlov garanterer religionsfridom. Høgsterett har fastslått at grunnlovsprinsippet om at India skal vera eit sekulært land, ikkje kan endrast. Men Modi-kritikarane som no er desillusjonerte, fryktar at Modi vil fjerna dette frå grunnlova og slå fast at andre enn hinduar er andreklasses borgarar. Kor lenge kan vi snakka om «verdas største demokrati»?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

India må gjerne ta sin plass som økonomisk stormakt. Men Modi er i full gang med å trakka på minoritetane og på viktige verdiar det moderne India er bygt på. Det bør få alarmklokkene til å ringa.