Evangelisering

Apg 17:17: I synagoga tala han med jødane og dei som dyrka Gud, og kvar dag tala han med dei han råka på torget.

Det er viktig å nå folket med Guds ord. Somme gjer dette ved å forkynna til ulike forsamlingar. Andre gjer det ved å snakka om åndeleg ting med folk dei møter. Atter andre gjer det med forbønsarbeid og gjevarteneste. Måtane vi arbeider i Guds rike på, kan vera mange og varierte, alt etter dei evner og gåver kvar av oss har fått.

Når det gjeld Paulus, veit vi han hadde stor naud for folket sitt, og han hadde mange måtar å arbeida på for å nå dei. - Brør, mitt hjartans ynske og mi bøn til Gud for dei er at dei må verta frelste. Rom 10:1. Han forkynte mange stader, han drog på misjonsreiser, han grunnla kyrkjelydar, og han skreiv mange brev til opplæring og oppmuntring.

I teksten her står det at han tala med jødane i synagoga, og han tala kvar dag med dei han råka på torget. Det var ein fin kombinasjon som kunne gje arbeid heile veka. Somme kan som han, vera flinke til begge deler, andre kan berre det eine. Men om vi er ulike, og arbeider på ulike måtar, er det godt at vi kan respektera kvarandre og oppmuntra kvarandre til å tena slik det høver for kvar av oss.

Annbjørg Barane,

pensjonert bibelskulelærar