Er Gud og Allah den same?

Islam er «nær» kristendomen, men likevel uendeleg fjern.

Re­li­gion fen­gjer.Riks­tea­te­ret er på turne med ei suk­sess­opp­set­jing frå Det nors­ke teat­ret i Oslo. Styk­ket hei­terAbra­hams barn, har berre èin skode­spe­lar, Svein Tind­berg, som òg har skri­vi ma­nu­skrip­tet. Føre­stel­lin­ga har lenge gått for fulle hus.

Tind­berg er ein fram­ifrå skode­spe­lar. Han er òg aktiv som presse­tals­mann for styk­ket. I flei­re in­ter­vju for­tel han: Når både jødar, krist­ne og mus­li­mar rek­nar Abra­ham som sin stam­far, og han er in­spi­ra­sjo­nen til dei tre mono­te­is­tis­ke verds­re­li­gio­na­ne, jø­de­dom, kris­ten­dom og islam, er det i grun­nen dei same for­tel­jin­ga­ne me alle ved­kjen­ner oss, berre i noko ulike ut­gå­ver.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er i grun­nen same soga, men i tre bøker. Me burde difor kunne prate meir i lag på tvers av re­li­gio­na­ne, byg­gje ned gren­se­ne mel­lom dei, ikkje vera så på­ståe­le­ge på nokon kant. Me er jo brør! Me vil alle det same, ha eit fre­de­leg og har­mo­nisk til­væ­re, men har berre litt for­skjel­li­ge måtar å ar­bei­de på for å nå desse måla. Trass alt, det er jo den same guden me til­ber! Seier Svein Tind­berg.

Er det ver­ke­leg den same guden? Den same gud­do­men? Det same ve­se­net, eller den same kraf­ta?

Lik­ska­par mel­lom islam og kris­ten­do­men finst, med mange nok for­tel­jin­gar til å fylle både eitt og to tea­ter­styk­ke. Islam er «nær» kris­ten­do­men, men li­ke­vel uen­de­leg fjern, så­pass ne­ga­tiv i om­ta­len av Jesus (ikkje Guds son, ikkje kross­fest, ikkje frel­sar) at islam i røyn­da fram­står som anti-kris­ten.

Ko­ra­nen nek­tar klart og utve­ty­dig for at Gud er tre­ei­nig, eit grunn­leg­gjan­de ele­ment i vår krist­ne tru. Dei som hug­sar litt frå barne­lær­do­men, veit at Gud til­byr frel­se til for­tap­te syn­da­rar, noko Allah ikkje gjer. Allah, i mot­set­nad til Gud, gjer ikkje noko i nåde. Gud viser vil­kårs­laus kjær­leik. I Ko­ra­nen er det ikkje kjær­leik å få unn­tatt når du ofrar deg eller kri­gar for Allah.

Ein treng ikkje vera skrift­lærd for å skjø­ne at Allah ikkje er ein far. I Ko­ra­nen ka­pit­tel 11 vers 1,1 står det: «Si han er Gud, en. Ikke har han avlet noen, ei hel­ler er han selv blitt avlet.» Etter mitt syn blir det då eit pro­blem at nors­ke for­kyn­na­rar, for­lags­folk og folke­val­de går om­kring og hev­dar at me til­ber den same guden. Allah er ikkje far til Jesus.

I Ko­ra­nen står det flei­re sta­der at Allah har ingen son. Det er til og med ut­trykk for van­tru, på lag med blas­fe­mi, å seia noko slikt. Ko­ra­nen seier ty­de­leg: «Det er ingen Gud uten Allah, og Mu­ham­med er hans pro­fet.» Bi­be­len seier i op­nin­ga av dei ti bod­orda: «Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.» I Apos­tel­gjer­nin­ga­ne 4,12 blir det ut­dju­pa om den kross­fes­ta Jesus Kris­tus: «Det er ikkje frel­se i nokon annan; for det finst ikkje noko anna namn under him­me­len, gjeve mel­lom men­nes­ke, som me kan verta frels­te ved.»

Som eit van­leg opp­lyst men­nes­ke er det for meg umog­leg å få desse grunn­leg­gjan­de skrift­si­ta­ta til å sam­ei­nast. Begge bø­ke­ne gjer krav på ab­so­lutt san­ning, og endå­til krav på at ein erålei­ne om san­nin­ga.

Ein «ut­jam­nan­de» ten­kje­måte har teke til å breie seg: NRK og TV2 ser ut til å bruke nam­netGud kon­se­kvent også når det er tale omAllah. Me ser sta­dig inn­slag der mus­li­mar heime og ute ropar: «Al­la­hu akbar!» Anten det er tale om ut­brot i ra­se­ri, tri­umf eller glede, høy­rer me ropet, og på den nors­ke teks­tin­ga står det at «Gud er stor». Eg mei­ner å hugse at det tid­le­ga­re sto «Allah er stor» eller «prise Allah!»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tru­leg er eg ikkje ålei­ne om å finne denne sa­man­blan­din­ga av Gud og Allah mer­ke­leg. Når sjølv­mords­bom­be­ne smell på mark­nads­plas­sa­ne og kropps­de­la­ne fyk om­kring; når heile by­de­lar blir ra­ser­te i Syria; når ra­ket­ta­ne susar frå Gaza inn­over mot si­vi­le mål i Is­rael; når kop­tis­ke kyr­kjer i Egypt og krist­ne kyr­kjer blir bren­de ned i Ni­ge­ria; når isla­mis­tar i 2004 skyt tu­sen­års­gam­le Bud­dha-sta­tu­er i fil­ler langs Silke­ve­gen; når isla­mis­tar i Mali i 2012 smad­rar utru­le­ge bygg­verk til­høy­ran­de verds­ar­ven; ja til og med når mi­lits­grup­per, utan at­ter­hald, meiar ned og drep menn, kvin­ner og born i hope­tal, høy­rer me støtt ropet «Al­la­hu akbar!»

Det er då ein spør seg: Kva slags «gud» er det som blir på­kal­la i slike si­tua­sjo­nar?

Eg går vi­da­re på desse tan­ka­ne om Gud og Allah i den fers­ke bokaDe­mo­kra­ti eller isla­mis­me. Med til­vi­sin­gar til band­ster­ke verk, pro­fes­sor Aksel Valen Sen­stad, bis­kop Laila Riks­aasen Dahl, dom­prost Øy­stein Bjør­dal, for­lags­sjef Asle Ding­stad, stats­vi­tar Kjell Skar­tveit og ei rek­kje andre glu­pin­gar, har eg fått kunn­skap til å kunne sende eit brev til NRK og be dei slut­te med å blan­de kris­ten­do­mens Gud og islams Allah i fjern­syns­teks­tin­ga.

Om da­gens prak­sis i NRK går på slump, om det er ukun­na som rår, eller om det er med­vi­ten po­li­tikk, får ein kan­skje greie på i svar­bre­vet.

For or­dens skuld vil eg opp­ly­se om at ikkje er teo­log, men fi­lo­log. I spørs­mål om re­li­giøs tru er eg så­leis berre ein ama­tør. Den eller dei som har be­ta­ling for å ar­bei­de med re­li­gion, og fram­føre re­sul­ta­tet på ka­te­ter eller på ein scene, erpro­fe­sjo­nel­le. Men eg er li­ke­vel ikkje sik­ker på om deidifor all­tid harret­ten og san­nin­gapå si side.