Er fast refleksjonstid så ille?

Min konklusjon er, mellom anna ut frå desse to døma: Refleksjonstid for dei som er i tvil, er eit stort gode. Menneskeliv kan bergast, og mødre kan bli lukkelege.

I Haugesunds Avis for 22. mars hadde Jarle Utne-Reitan eit innlegg der han reflekterer over KrFs programkomité sitt framlegg om at alle gravide som søkjer abort, skal ha ei refleksjonstid på to døger etter første kontakt med helsestellet. Utne-Reitan slår fast at det ikkje er aktuell politikk for Høgre. Det undrar meg at Utne-Reitan så kategorisk uttalar seg på partiet sine vegner.Erna Solberg var langt «mjukare» i sin første kommentar.

For om lag 20 år sidan gjekk eg, under ein overlegepermisjon, gjennom ein stor del av verdslitteraturen om psykiske etterverknadar etter abortinngrep. Det var då alvorlege funn som avteikna seg i fleire forskingsrapportar, både om den tvil mange av kvinnene hadde hatt før inngrepet, og om den anger og dei samvitsproblem mange hadde hatt i ettertid.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Svært mange kvinner er i tvil framfor ei så viktig avgjerd, og ein skulle tru at det måtte vera berre positive sider ved å setja av eit par døger til ekstra refleksjon og eventuelle samtalar med nære personar etter den første kontakten var tatt med tanke på inngrep. Ei slik refleksjonstid har ingenting med undergraving av dagens lov å gjera, slik Utne-Reitan hevdar. Lova om sjølvbestemt abort står fast. Målet med framlegget er å hjelpa fleire kvinner til å vera heilt trygge i sitt val.

Frå eigen praksis kan eg fortelja om to spesielt konkrete døme på at tvilen kan vera der heile tida, ja, like fram til operasjonsbordet. I den tid eg dreiv allmennpraksis, vart eg kontakta av ei kvinne som eit par år tidlegare hadde søkt abort og i utgangspunktet bestemt seg for å la inngrepet skje. Men ho var sterkt i tvil heile tida. Ho kunne no fortelja at tvilen hadde vore så sterk at det enda med at ho steig ned frå operasjonsbordet og takka for seg. I dag var ho lukkeleg mor til ein toåring.

Ein dag sat eg i ein bokhandel og signerte eigne bøker. Då kom det bort til meg ei jente i 20-års alderen og sa at ho ville berre takka meg for at ho levde. Eg steila. Kva meinte ho med det? Ho sa då at mor hennar hadde fortalt om då ho var gravid og var tilrådd av legar å ta abort av helsemessige grunnar. Men ho var sterkt i tvil ut frå sitt syn på abort, og ho trong refleksjonstid.

Ho reiste derfor til eit heilt anna legedistrikt for å få råd frå ein annan lege, i dette tilfellet underskrivne, som ho kjende frå arbeidet i livsvern-organisasjonar. Eg vurderte ikkje hennar fysiske helse slik at det ville vera nokon fare med gjennomføring av svangerskapet. Det vart konklusjonen. Jenta på 20 kunne fortelja at mor framleis var i beste velgåande, og sjølv var ho takksam for livet.

Min konklusjon er, mellom anna ut frå desse to døma: Refleksjonstid for dei som er i tvil, er eit stort gode. Menneskeliv kan bergast, og mødre kan bli lukkelege.