Ekte fellesskap bygd på kjærleik

«Gjer alt de kan for å ta vare på einskapen i Anden, i den fred som bind saman», seier Paulus. Det krev både Guds kraft og eigne anstrengelsar for å skapa eit kristent samfunn i kjærleik. Og den kulturen og kjærleiken me vil sjå mellom våre medlemmer i forsamlinga, treng leiarskap sjølv å praktisera.

Opp igjennom åra har eg sjølv vore med i mange styrer og råd. Ofte kjenner me kvarandre godt, men ikkje alltid. Og uansett om me kjenner kvarandre, veit me ikkje alltid så mykje om kvarandre sine liv.

Kva står me i av gleder og utfordringar? Som leiarskap treng me gode team bygd på kjærleik. I eit styre- og komitemøte skal me ofte meina mykje om mangt. Ofte tenkjer me forskjellig, og små ting me er ueinige om, kan bli konfliktstoff. Om me ikkje har omsorg og kjærleik i botn for kvarandre, kan me lettare bli irriterte og lite overberande med kvarandre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Styremedlemmer, leiarar, folk i teneste; alle treng å bli sett. Alle treng me nokon som veit litt om livet vårt, som kan be for oss og visa omsorg for det me står i. Fleire gongar har eg snakka med leiarar som kjenner seg åleine, som føler at dei berre vert snakka til når det gjeld oppgåver, som føler at få eigentleg bryr seg om dei.

I kva grad er styret og fellesskapet eg er ein del av prega av kjærleik og omsorg? Undersøkingar viser at det er klar samanheng mellom vekst i forsamlinga og forsamlinga si evne til å visa kjærleik.

Det krevst at me er ærleg med kvarandre om me vil kultivera eit fellesskap. Folk flest har ingen som er glade nok i dei til å seia dei sanninga, seier Rick Warren i boka «Målrettet liv».

Difor fortset fleire på ein veg som bryt dei ned, enten det gjeld syndig liv, blinde sider i eige liv osb. Sjølv om det skal vurderast kva me skal gå inn i av konfliktfylt stoff, er det også ein fare at ting blir glatta over for å bevara ein falsk følelse av fred. Ekte fellesskap er avhengige av at me er ærlege med kvarandre.

Gud vil ha ein familie, og Han skapte deg for at du skulle vera ein del av den. I ein familie blir du ikkje godtatt på grunn av kor smar eller vakker du er. Her tilhøyrer me kvarandre.

Eit familiemedlem kan vera litt sær, men er likevel ein del av oss. «Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve», seier Paulus. Dessutan; det krevst tid saman for å bygga sterke relasjonar. Difor er fellesskapet skjørt i mange forsamlingar, og særleg no i koronatid. Me er ikkje nok saman, og den tida me er saman, sit me ofte og høyrer på ein talar.

Me øver oss på å dela liv inn i ulike styrer og treffpunkt eg sjølv er ein del av. Me deler det me står i av både gleder og utfordrande ting, og me ber for kvarandre. På den måten merkar eg at me blir meir glade i kvarandre.

Det er ikkje berre kva meining me har inn i ulike settingar som tel. Me er først og fremst menneske som treng kvarandre, og som er del av same familie. Korleis kan eg vera med å knyta sterke «familieband» inn i fellesskapet eg er ein del av? Det trur eg må bli spørsmålet i dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Tenker kirke post-korona
Les også
Populær pinseskole må si nei til halvparten av søkerne
Les også
Lederes møte med etterfølgere anno 2021