BETANIA: Jesus på besøk hos Marta og Maria. I det Jesus kom inn i heimen måtte dei tole irettesetjing og evaluering av dei ulike oppgåvene. Men det utvikla seg eit nært ­vennskap og Jesus fekk søskena kjær.

Eit varsla oppdrag

Å skrive om misjon i tider med pandemi er utfordrande. «Målestasjonar» som kyrkjer og organisasjonar er nedlukka. Misjon kan kort omtalast som eit Jesus-møte, og her er eit av dei mest avgjerande.

For å forstå dramaet på eit kjøkken i Betania, må vi starte med Luk 10,1–12. I førevegen hadde Jesus sendt ut to og to til kvar by og bygd Han sjølv skulle til.

Programmet for desse 72 var klart: Dei skulle teste ut respekten for det å vera sendt av Jesus og kor gjestfrie dei var; synlig i mat og overnatting. Slik dei tok imot utsendingane, slik vil dei verdsetjinga Jesus.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kva var oppdraget? Fyrst og fremst skulle dei lysa fred, bli verande i huset og eta og drikka det dei sette fram. Lek dei sjuke og sei: Guds rike er kome nær til dykk!

Den vesle heimen til Marta i Betania, nær Jerusalem var ein av dei utvalte. Jesus ville sjå innom henne, søstera og broren. Men nokon nærare dato hadde dei truleg ikkje fått.

Utan kjøleskap og nær butikk, var det ikkje enkelt å vera ­førebudd på å ta imot 13 menn. Kanskje dei skaffa seg nokre ekstra høner i bakgarden som var klar for gryta?

Så kom dagen då Jesus banka på døra, og Marta fullførte fyrste oppdraget, ho opna heimen sin.

Matstellet skulle vera fyrsteklasses, gjestfriheta skulle synast.

Men søstera Maria hadde hefta seg med den andre delen av oppdraget: Sei at «Guds rike er kome nær!» Kva tyda det på? Ho spurte direkte, og Jesus inviterte henne til å setja seg ved Hans føter og Han underviste henne. Ho var den fyrste kvinna som fekk disippelplassen.

Matlagingstrykket steig. Kva om Jesus-fylgjet gjekk før maten var ferdig? Ja, og så hadde dei to bodberarane nemnt at var det eit fredens menneske så skulle freden kvila over heimen. Marta ville så inderleg at Jesus skulle slå seg til hjå dei.

Marta var sterkt pressa. Nå tok ho mot til seg og snakka direkte med læremeisteren Jesus: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi let meg vera tenar åleine? Be henne ta sin del av ansvaret for måltidet.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Marta, Marta! Du tok imot meg i heimen din, viste gjestfrihet. Men du let uroa få grep. Det er noko overordna som er nødvendig å forstå. Maria, ho har inntatt læresveinplassen, og denne skal ikkje takast frå henne.»

I det Jesus kom inn i heimen måtte dei tole irettesetjing og evaluering av dei ulike opp­gåvene. Men det utvikla seg eit nært vennskap og Jesus fekk søskena kjær.

Der dei tok imot utsendingane, skulle dei også lækja sjuke. Var dette løfte gyldig også i ettertid?

Jesus var langt unna då ­Lasarus sin sjukdom meldte seg. Med frimot sendte dei melding til Jesus (Joh 11).

Dei tre søskena vart «spelebrikker» Jesus bruke til å syne at Han var Herre over døden i det Han vekte opp Lasarus frå dei døde.

På veg til sin eigen død, seks dagar før påske, var Jesus nok ein gong innom Betania (Joh 12). Nå hadde dei festmåltid. Lasarus, som hadde fått livet tilbake, var heidersgjest. Marta serverte. (Mark 14,3–9)

Maria hadde forstått at Jesus var Påskelammet som skulle lida døden i denne høgtida. Jesus var Herrens Lidande tenar (Jes 52, ff) – og ho salva Han til Messias.

Etter jødisk forventning skulle Messias-salvinga skje i Templet og utførast av Øvstepresten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kritikken frå gjestene kom, denne kvinna misbrukte pengane som burde gått til dei fattige. Men Jesus sjølv tok til motmæle: «Kvifor er de leie med henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg. Dei fattige har de alltid hjå dykk, men meg har de ikkje alltid. Då ho slo denne salven ut over lekamen min, salva ho meg til gravferda mi. Sanneleg, det seier eg dykk: Alle stader i verda der dette evangeliet vert forkynt, skal det ho gjorde, forteljast til minne om henne.»

Jesus varsla at kjennskapen til Han skulle ut i all verda, og minnet om kvinna som salva Han, skulle påaktast. I denne tida kviler oppdraget på oss. Aldri ­tidlegare har verda ligge så vidopen om vi tek Han inn i kvardagen og på arbeidsplassen.

Les også
Misjonskristendommen i sterk tilbakegang i nord
Les også
Et bedehus kan se ut på så mange måter
Les også
Forfatter forundret over ny kunnskap om Hans Nielsen HaugeInger Anna Drangsholt (40)