Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Eit støttande miljø

Å stå i kristent arbeid betyr som regel både gleder og utfordringar. Innimellom møter eg leiarar som kjenner seg åleine, og ikkje har nødvendig støtte rundt seg for å stå i arbeidet over tid. Det er trist!

Mykje bra kunne vore nemnd om kultur og tradisjon i samanhengen me står i. Når det gjeld leiarskap generelt, trur eg me treng å jobba meir med dette.

Korleis leier me i ein retning? Korleis tar me vare på medarbeidarar? Kva når det oppstår utfordrande situasjonar? Korleis kan me leia gjennom dette?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så er det sjølvsagt oppi dette også ei utfordring at mykje av leiinga vert drive på fritida, og dermed har sine begrensningar.

Vårt oppdrag er å gjera disiplar. Og me skal bera frukt. Dette er eit ekspansivt oppdrag som krev modig leiarskap. Mange ser behov for leiarskap, men ikkje så mange ynskjer å leia. Mange treng også å bli leia, men er ikkje så opne for å bli leia.

Jesus kalla unge disiplar. Dei var lærevillige, og ynskte å bli leia. Dei prøvde, feila av og til, men rett som det var lukkast dei også. Dei fekk store utfordringar. Så hadde dei god støtte i Meisteren sin. Han rettleia kjærleg, ikkje dømmande. Tenk deg å senda medarbeidarar ut på oppdrag, utan støtte.

Då seier det seg sjølv at ein ikkje klarar å stå i arbeidet over tid. Me kan også ha eit miljø med stor støtte og omsorg, men lite utfordringar. Då vert det liten vekst, og ein kan få «kosekultur», ein kultur som er meir opptatt av seg sjølv. Tenk deg så eit miljø med lite utfordringar og liten støtte. Dette er ikkje eit miljø du vil vera i over tid.

Ein open kultur, der me toler å vera ueinige, og også toler å bli korrigert, krev tryggleik. Det må ligga ei grunnleggjande anerkjenning i botnet om at «eg vil deg vel». Sjølverkjenning og refleksjon blir også viktige stikkord. Når eg sit her og skriv, så slår det meg at me er ikkje så vant til dette.

Det er framandt, og det er lett å fortsetja i dei rollene me kjenner frå før. Unge leiarar som i dag skal inn på kristen arena, er kjent med tilbakemeldingskultur. Dei treng rollemodellar. Dei treng nokon som går tett på, som kan gi gode råd, som vennleg kan korrigera og nokon som heiar dei fram. Korleis skal me ta denne oppgåva på alvor? Korleis kan me skapa ein kultur for dette, slik at det store oppdraget blir ført vidare?

Alle, uansett alder, treng eit støttande miljø for å stå i eit utfordrande, spennande – men også fantastisk arbeid som gir mykje glede. La oss kappast om å heidra kvarandre. Sjølv om me kan vera ueinige i eitt og anna, seier Paulus i Ef. 4,3: «Gjer alt de kan for å ta vare på einskapen i Anden, i den fred som bind saman.» Tenk gjerne over om det er ein lokal leiar du kan vera med å heia fram; be for, gå ved sida av etc., slik at vedkomande kan stå i tenesta med større glede over tid.