HAUGE: Eg synest det er svært bra at desse bøkene har vorte utgjevne på nytt og i språkleg grei form når det i år er 250-årsjubileum for Hauges fødsel, skriv Johannes Kleppa. Teikninga er frå eit husmøte med Hans Nielsen Hauge som talar.

Eit åndeleg inntrykk som er nødvendig for å forstå Hans Nielsen Hauge

Ved at desse to bøkene no er komne ut i modernisert språkdrakt, er dei enkle og greie å lesa – som dei ikkje ville ha vore om ein skulle lese dei etter originalen!

Då Hans Nielsen Hauge hadde si store åndsoppleving 5. april 1796, var han 25 år og to dagar gamal.

Berre to månader seinare hadde han klart manuset til betraktning om «Verdens Dårlighet» og to månader etter det manus til avhandling om «Guds Visdom». På fire månader hadde han altså skrive to gjennomarbeidde bøker, og som vitna om sjølvstendig tenking.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

At han som 25-åring utan utdanning og samstundes som han gjorde både gardsarbeid og anna arbeid, forkynte og samtalte med folk, makta det, er utruleg – og det svarar til kva han elles fekk gjort dei første åtte åra etter åndsopplevinga.

Fact box

Bar bakke

Det er nokre gonger det vert framstilt som at åndsopplevinga var Hauge si omvending, og at han då åndeleg sett starta på bar bakke. Slik er det nok ikkje.

Om han var fødd på nytt før denne åndsoppleving og åndsutrustninga, skal eg la liggja her. Det som i alle fall er sikkert, er at han var ein gudfryktig mann som bad og las mykje i Bibelen også før denne opplevinga, og han søkte forkynning.

Det er tydeleg at han hadde eit stort bibelsk forråd då han var 25 år, og dette utmeislar han i desse bøkene ut frå det lyset han no hadde fått.

Bøkene er spekka med korte og lange sitat frå Bibelen, og dei er saksvarande i høve til teksten. Hauge hadde god oversikt og god innsikt i Bibelen og bibelsk tenking.

Oppgjer med prestane

Tittelen på den første boka viser ikkje til den «dårlighet» som rådde i samfunnet, men at evangeliet for verda er «dårskap», slik Paulus uttrykkjer det.

Boka er eit sterkt oppgjer med prestane, deira liv og forkynning, samstundes som det er ei innføring i det Hauge meinte burde forkynnast, og slik eit gudfryktig liv burde levast. I denne utgåva er også «Løpebanen» med, der Hauge fortel om livet fram til han var 25 år, og det er «Etterskrift» som fortel om det som skjedde ved åndsopplevinga og konsekvensen av denne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kristen strid

Då Hauge skreiv den første boka, var han klar over at det var mykje her som var for kortfatta framstilt, og difor gjekk han straks i gang med å skriva boka om «Guds visdom», som er ei meir positiv framstilling av Guds vesen, Guds gjerning og Guds vilje.

Han skriv om skapinga og syndefallet, satan og freisting, omvending og kristen strid. Han har også ein enkel gjennomgang av Johannes’ openberring. Her er i tillegg med eit kort forsvar mot innvendingar som vart reiste mot den første boka.

Det Hauge lærte og forkynte

Ved at desse to bøkene no er komne ut i modernisert språkdrakt, er dei enkle og greie å lesa – som dei ikkje ville ha vore om ein skulle lese dei etter originalen!

Ein får her eit godt inntrykk av det Hauge lærte og forkynte, og det var trass alt det viktigast ved livet hans – trass i at det ofte er alt anna Hauge gjorde som ofte vert løfta fram, i alle fall ved jubileum.

Det er stor vekt på omvendinga og atterfødinga, men mindre på forsoninga og rettferdiggjeringa. Til tider framstår Guds nåde meir som kraft enn som sinnelag og gåve.

Eg synest det er svært bra at desse bøkene har vorte utgjevne på nytt og i språkleg grei form når det i år er 250-årsjubileum for Hauges fødsel. Det gir eit åndeleg inntrykk som er nødvendig for å forstå Hans Nielsen Hauge og livsverket hans.