HEIMEMARKNAD: Redaktør Eirik Stave sel mest av Markanytt i Ørsta og Volda, men har også sendt aviser til andre stader i landet. Foto: Tore Hjalmar Sævik

Eirik (9) lager egen avis - og har gitt bort 26.000 kroner

For fjerde år på rad gir Eirik Stave (9) ut avisa Markanytt. Årets sal har skaffa over 26.000 kroner til eit hjelpeprosjekt for barn og utdanning i Thailand.

Det luktar graut og lapskaus, kaffi og kaker. Den livlege samtalen rundt småborda vert innimellom avbroten av loddtrekning, korsong og anna program frå scenen i Ørsta kulturhus. Det er laurdag, og kyrkjelyden til Den norske kyrkja i sunnmørsbygda har si årlege misjonsmesse. Som tilsvarande arrangement andre stader finst her visse rike og gjenkjennelege tradisjonar, men dei siste åra har også eit meir uvanleg innslag vorte fast.

Såg behov

Mellom borda tuslar Eirik Stave med ein pose. Oppi denne har han ein bunke med årets utgåve av Markanytt. Salet har pågått i fleire veker allereie, men høgdepunktet er under misjonsmessa. Inntektene frå avissalet vert nemleg slått saman med det som kjem inn frå matsal og utlodding denne dagen. Ideen om Markanytt fekk han heime.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det begynte med at veslesyster mi lurte på om Ørsta var eit land, fortel redaktøren.

Den då seks år gamle guten såg behov for folkeopplysing og bestemte seg for å lage avis.

Eigen regi

Avisnamnet henta han frå byggjefeltet der familien bur, som heiter Mosmarka. Det ligg under majestetiske sunnmørsfjell, nokre saftige langpasningar unna Ørsta sentrum. Fotballspråket er ungguten fortruleg med, ihuga Liverpool-tilhengjar som han er.

– Så viste det seg at det passa bra også fordi prosjektet handlar om misjon, skyt faren Knut Stave inn, og hintar til at pengane går til misjonsmarka. Han arbeider som diakon i kyrkjelyden. På fritida assisterer han sonen med praktiske ting som trykking og sal, men understrekar at det er Eirik som har regien.

Låg terskel

Innhaldet har variert, men nokre ingrediensar har vore med heile vegen.

– Eg har alltid hatt bokmeldingar, matoppskrifter, vitsar, gåter og intervju, fortel Eirik,

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Denne gongen har han intervjua gamlepresten i Ørsta, Matias Austrheim som også døypte han.

Pensjonisten er på plass under misjonsmessa og tek imot betaling frå dei som kjøper mat.

– Eirik hadde gode spørsmål og var nesten som ein profesjonell journalist. Han kan både bli ein flott misjonsmann og pressemann, skryt Austrheim.

Sidan Eirik driv sal på førehand, meiner Austrheim at han medverkar til å skape flott interesse rundt misjonsmessa. Arrangementet er lagt til kulturhuset for å gjere dørterskelen låg også for dei som ikkje vanlegvis vankar i kyrkja og bedehuset.

– Tanken er at misjonsoppgåva må nå ut til fleire. Jesus bad oss gå ut til alle og prøve å få alle med, påpeikar presten.

Fleksibel pris

Det første året Markanytt kom ut, vart inntektene delt mellom Redd Barna og misjonsprosjektet til Ørsta kyrkjelyd. Sidan har alt gått til misjonsprosjektet. Det heiter «Barn og utdanning» og vert drive av Det Norske Misjonsselskap i Thailand.

Medan mange papiraviser slit med fallande abonnementstal, går Markanytt mot trenden. Opplaget har auka for kvart år. 2014-utgåva er trykt i 350 eksemplar, og fleire kan det bli dersom etterspørselen melder seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Prisen er 50 kroner eller meir, opplyser Eirik.

Sidan mange menneske går rundt utan kontantar i våre dagar, har han også vore så framsynt å trykkje kontonummeret til Markanytt på framsida av avisa. Ingen skal trenge å takke nei til å kjøpe avisa fordi dei ikkje kan betale der og då.

– Mange betaler også meir enn 50, fortel faren Knut.

Talent på piano

Eirik legg ikkje skjul på at det er mykje arbeid å lage avis. Han teiknar, lagar kryssord og samlar stoff over ein lang periode. Så er det tid for sal. Saman med faren går han frå dør til dør i heimbygda.

– Ofte er det ganske slitsamt, seier Eirik.

Gleda er likevel så stor at ho er verd innsatsen. Han har vore inne på tanken om å gi ut fleire utgåver i løpet av året, men skal også ha tid til skule og andre ting. Ikkje minst tek musikken ein heil del tid. Eirik er ein lovande pianist. Laurdag 22. november er han ein av deltakarane i programmet «Då KORK kom til bygda» på i beste sendetid NRK1. Fire dagar etter skal det sendast konsert på same kanal, der han dirigerer Kringkastingsorkesteret som spelar Griegs «Norsk dans nr. 2».

– Eg hadde litt lyst til å ha med reklame for dette i bladet, men fann ut at det vart litt feil, forklarer Eirik.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Der er det nemleg misjonsprosjektet som skal få merksemda. I mellomtida vert det litt mindre øving på piano enn han driv med vanlegvis. Grieg, Mozart og Beethoven er noko av det som står på repertoaret. Men han speler også til allsong, noko han skal neste dag under gudstenesta i Ørsta Frikyrkje.

– Det er godt med litt pause frå øvinga også, seier han.

Fleire annonsørar

– Kva tenkjer du om at salet av avisa di kan gjere livet betre for andre born?

– Det er jo flott det då, svarer han.

Til neste år håper han å få endå fleire annonsørar i bladet. Denne gongen var det berre sjefen på Rema 1000 som takka ja til tilbodet, og fekk kledeleg plass til ein annonse på baksida.

– Han gav 500, men med tanke på namnet synest eg han burde gitt 1000, smiler Eirik.

Hovudmarknaden for avisa er i Ørsta og Volda, men dei har også sendt eksemplar så langt som til Oslo.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Går breitt ut

På kjøkenet i Ørsta kulturhus er primus motor for misjonsmessa, Eli Kristine Moltu, i full sving med å røre i grauten og ause opp lapskaus. Ho drog i gang misjonsmessa då familien kom flyttande til bygda for over 20 år sidan. Inntektene og omfanget har vakse mykje sidan starten. Suksessoppskrifta har mellom anna handla om å gjere opplegget overkomeleg, leggje til rette for alle med god mat og godt program, og vere frimodig med å utfordre både lokalt næringsliv og einskildpersonar til å stille opp.

– Sidan det er misjonsprosjektet til kyrkjelyden, fann vi ut at vi kunne spørje alle som er medlemer om å bidra, seier Moltu.

Ho meiner det betyr mykje for misjonsengasjementet i kyrkjelyden å ha eit slikt arrangement.

– Dersom ein berre har eit par kyrkjeofringar i året til misjonsprosjektet, tenkjer folk ikkje så nøye over at det er dette dei gir ein femtilapp eller hundrelapp til, seier ho,

Ny rekord

Inntektene ved julemessa i fjor kom på over 80.000 kroner. Salet av Markanytt utgjorde nesten 20.000 kroner. Ved årets julemesse betydde avisa til Eirik Stave endå meir for resultatet. 26.573 kom inn via salet. Og framleis kan det verte selt fleire eksemplar.

– Har du planar om å lage fleire Markanytt?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Ja, eg trur det, seier Eirik.

Markanytt

Avis som vert gitt ut av Eirik Stave (9) for fjerde året på rad

Inntektene går til misjonsprosjektet til Ørsta kyrkjelyd. Det heiter Barn og utdanning og vert drive i Thailand i regi av Det Norske Misjonsselskap (NMS)

Kyrkjelyden støttar Immanuel dagheim og Lovsongsheimen. Begge verksemdene ligg i Bangkok

Inntektene går til misjonsprosjektet til Ørsta kyrkjelyd. Det heiter Barn og utdanning og vert drive i Thailand i regi av Det Norske Misjonsselskap (NMS)