Ein utvida skala

Har du nokon gong prøvd å få dreisen på eit musikkinstrument? For meg vart det pianoet.

Den dyktige og inspirerande læraren prøvde alt han var god for. Han ville så gjerne gjere ein litt mindre motivert gutunge glad i musikken. Få han til å ta etter dei vakre tonane som han sjølv greidde å trylla fram frå den store kassa med strengar i spenn.

Eg har av og til henta fram att det første noteheftet. Det var enkle greier. Nokre få notar som gjekk opp og ned, og som dei små fingrane streva med å tråkle seg fram i.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Etter kvart auka utfordringane, og spennet kom til eit punkt der ei lita hand berre så vidt rakk over til ytterpunkta. Konsentrasjon og trufast øving var nøkkelorda. Motivasjonen sprakk, og eg enda difor aldri opp som kjendis på orkesterpodiet.

Musikkstykka frå mitt første noteheftet var kjende melodiar, men skreddarsydde for små barnehender. Når eg seinare fekk høyre fullversjonen høyrde eg at dei var ribba for det meste av klangdjupne og dynamikk.

Nokre trur at livet skal likne mest på dei første notehefta, også livet med Gud. Skreddarsydd så små hender skal greie spennet mellom det lyse og mørke. For at ein ved øving og fullt fokus skal greie å meistre det, og ende opp med ståande applaus frå foreldra.

I over 30 år har me hatt ein salme inngravert i gifteringane våre, Salme 91. Nokre har kalla den «alle misjonærar sin salme». Det er nemnd krig og konflikt. Pest og sott. Løve og hoggorm. Alt dette var ting som kom tett på oss i åra som misjonærar i Aust-Afrika.

Lik den våren då koleraepidemien slo inn over oss midt i den store regntida. Første mann som døde var med til gudsteneste berre to dagar før. Alt gjekk fort, og det førte etter kvart til at hundrevis miste livet i området. Skulane vart stengde, og klasseromma fylde av sjuke og døyande. Militæret vart kalla inn, og stengde av alle vegar og all transport. Me vart lagde i karantene, og kom oss ingen veg.

Då vart orda frå gifteringen henta fram igjen, og ein del av bønene som steig opp til Gud. Ringen var ingen lykkeamulett, men ei konkret påminning om Guds gode løfter til alle oss som var i naud.

Dette har i generasjonar vore kvardagen til menneske og kristne i mange land. Me har ofte vore letta over alt me slepp tenkja på, og trutt øvd oss på melodien frå vårt første notehefte.

No har me fått ein utvida skala, som sprengjer rekkevidda på den vesle handa. Vår makt, kløkt, rikdom og enkle løysingar kjem til kort. Livsdramaet er for overveldande, og manar oss til å la ein annan få ta over tangentane. Berre ein er Maestro, og Han lovar livd og vern for kvar den som set si lit til Han. Mange har sagt pandemien har vore ein augeopnar. Lat den i tillegg verte til ein hjarteopnar!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Provoserende at det åpnes for hjemkjøring av alkohol midt i en nasjonal krise
Les også
En endring i kirkens budskap?