Ei medhjelp til Adam

«Så sa Gud Herren: Det er ikkje godt for mennesket å vera åleine. Eg vil gje han ei medhjelp som er hans like.» 1 Mos 2,18
Då Gud skapte mennesket, skapte han først Adam. Men før det hadde Gud skapt alle dyra på jorda og alle fuglande under himmelen. Gud leidde så alle dyra fram for Adam, og han gav dei namn. Det må ha vore ei både spennande og tidkrevjande førestilling! Ved at Adam gav alle dyr og fuglar namn, sette Gud mennesket i ein herskar-, forvaltar- og omsorgsposisjon i høve til dyra.
Konklusjon på det heile var: «Men for seg sjølv fann mennesket inga medhjelp som var hans like.» Slik var det fordi berre mennesket var skapt i Gud bilete. Mennesket kan ha mykje glede av dyr, men det kan berre ha likeverdig samfunnet med eit anna menneske - og dette samfunnet spring ut av Guds samfunn med mennesket.
Då så Gud skaper ei medhjelp som er Adams like, skaper Gud ikkje ein mann til. Han skaper heller ikkje ein avansert apekatt eller noko anna som er av ein annan karakter enn mennesket. Gud skaper ei kvinne, og Adam kallar henne Eva. Adam og Eva var ikkje identiske, men dei var kvarandres like og kvarandres medhjelp. Det er fundamentalt for samlivet mellom mann og kvinne.

Johannes Kleppa
Redaktør DagenMagazinet