UKJENDE SALMAR: Biskop Per Lønning hadde eit enkelt uttrykk for korleis vi skal ta vare på salmeskatten: – Dersom vi vil halda kunnskapen om og bruken av salmeboka ved like i kyrkjelydane, bør det i kvar einaste gudsteneste vera minst éin «ukjend» salme.

Ei lukka bok

Bruk ikkje kyrkjelyden sin manglande kunnskap som orsaking for eigen latskap!

Du trur kanskje at overskrifta viser til Bibelen. Men det gjer den ikkje, sjølv om den i mangt også kvalifiserer til overskrifta.

Eg tenkjer på salmeboka, den boka – som nest etter Bibelen – har betydd mest for å føra vidare (=tradera) kristen tru og kunnskap i Noreg. Og eg tenkjer særleg på den nynorske songskatten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Biskop Per Lønning hadde eit enkelt uttrykk for korleis vi skal ta vare på denne skatten: «- Dersom vi vil halda kunnskapen om og bruken av salmeboka ved like i kyrkjelydane, bør det i kvar einaste gudsteneste vera minst éin «ukjend» salme. Dersom vi vil utvida denne kunnskapen, bør det vera to «ukjende» salmar i kvar gudsteneste». Sa Lønning.

Det er truleg berre prest og organist, i tillegg til nokre få eldsjeler, som kan ha eit realistisk bilete av korleis det står til på denne fronten i lokalkyrkja. Ein gjesteprest/-predikant vil gjerne triva til såkalla svisker, som i alle fall representerer eit minimum av populære eller kjende salmar.

Eg risikerer derfor å trakka ut i med begge beina når eg på generelt grunnlag vil ropa eit lite varsku her! Men eg gjer det likevel, nettopp fordi eg det meste av dei siste tiåra har sett saka frå kyrkjebenken, og ikkje frå altar eller orgelkrakk: Her er mykje å ta fatt i!

Påstand 1: Dei rraste i kyrkjelyden og dei færraste (nye) prestar kjenner meir enn 30 prosent av salmane i salmeboka (det tar deg berre ein halvtime å testa denne påstanden). Dermed er dei også utestengde frå den største katekismetradisjonen i Noreg.

Ein annan av dei som har lært meg mykje om praktisk teologi er prost og prestelærar Tore Kopperud. Han hadde si fyrste, faste presteteneste i Ulvik. Det lærte han kor viktig det var – i respekt - å spela på lag med det lokale språket, både i liturgi og salmeval.

Han såg dessutan at ikkje minst bokmålskyrkjelydane hadde eit ansvar for dei nynorske salmane. Hans prinsipp var endå enklare enn Lønning sitt : Alle prestar bør ha minst ein salme på den «motsette» målforma – nynorsk i bokmålsstrok og bokmål (det er lettare!) i nynorskområde.

Eg tykkjer det er trist å oppleva at i kyrkjelydar med nynorsk liturgi kan vi sjå «salmesedlar» (eit vanleg preste- og organistuttrykk) med berre bokmålssalmar. Min peikefinger til desse er: Bruk ikkje kyrkjelyden sin (manglande) salmekunnskap som orsaking for eigen latskap!

No snakkar eg altså om heilt alminnelege norske statskyrkjelydar. Og eg torer ikkje å nemna alle dei «fri»kyrkjelege forsamlingane i eller utanfor Den norske kyrkja.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Påstand 2: Det e r ingenting som er så lett som å syngja ukjende salmar. Frå eiga røynsle veit eg at fem minuttar «øving» medan etternølarane finn plassane sine i kyrkja, ofte fører til at nett denne salmen var det mest «trøkk» i denne dagen.

Les også
Meiner lovsong har stoppa kor-rørslaLovsong
Les også
Korlegenden Prots vil ha sangen ut av skapet
Les også
Kor-fenomenet samler 1500 deltakere. Nå starter de opp i tolv nye byerGospel