OMFATTANDE forfattarskap: Egil A. Wyller har etterlete seg eit omfattande og spesielt forfattarskap, som det er å vona vert lese og henta inspirasjon frå i åra som kjem, skriv Johannes Kleppa.

Egil A. Wyller – filosof og kristen tenkjar

Egil A. Wyller skreiv eit vita som forklarte hans veg frå humanistisk agnostisisme til kristen tru. Då nemnde han det inntrykket som pietistiske bønder i Ryfylke hadde gjort på han.

Egil A. Wyller døde laurdag 6. februar over 95 år gamal. Han vert omtalt som ein bauta i norsk åndsliv.

Han var ein særmerkt filosof og kristen tenkjar. Han skapte ein ny filosofisk retning i norsk samanheng, og han vart internasjonalt svært anerkjent. Han var kan meir anerkjent i filosofiske miljø internasjonalt enn her på berget, der han var relativt kontroversiell.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg er ikkje filosof, og eg skal ikkje gje meg ut for å vera ein stor kjennar av Egil A. Wyller og hans tenking, men eg har lenge vore fascinert av mannen. Utgangspunktet for det er både av personleg karakter og ut frå det han stod for. Eg kjente han berre på avstand. Eg møtte aldri mannen. Eg har snakka med han på telefon, men berre ein gong trur eg. Han ringde meg ut frå noko eg hadde skrive om han, av litt personleg karakter.

Wyller-familien var Stavanger-folk, men så ville det seg slik at dei kjøpte hus på Skiftun i Ryfylke, og budde der ei tid. Med det vart dei naboar til mine besteforeldre. Mi mor var nokre år eldre enn Egil, og meir på alder med bror hans, Thomas, som vart professor i statsvitskap. Familien var aktive i motstandsarbeidet under siste verdskrigen, og Thomas var den yngste i landet som vart fange på Grini, der han siste krigsvinteren var samtidig med min far.

Når vi skulle på besøk til mormor og morfar, passert vi porten inn til Wyller sin eigedom. Vi gjekk forbi porten med agefrykt og såg ned på huset med stor respekt. Wyller-familien var som framande fuglar på Skiftun. Det var lærde folk, og dei var humanetikarar, som hadde plassert seg mellom ulærde og pietistiske bønder. Mine besteforeldre fekk eit godt og tillitsfullt forhold til sine nye naboar.

Når eg skriv dette, er det ikkje berre av nostalgiske grunnar. Det har seg slik at då Egil etter å teke si doktorgrad på Platon og tenkinga hans, steig han fram med ei kristen vedkjenning. Han skreiv då eit vita som forklarte hans veg frå humanistisk agnostisisme til kristen tru. Då nemnde han det inntrykket som dei pietistiske bøndene på Skiftun hadde gjort på han.

Deira vitnemål, særleg ved deira liv, hadde vore sterkt medverkande i denne prosessen, saman med den filosofiske tenkinga. Min morfar var ein av desse bøndene, kanskje den fremste i denne samanhengen. Han var også snekkar og gjorde arbeid for Wyller.

Min morfar var ingen talar eller sentral åndeleg leiar, men han var altså ein pietistisk bonde og snekkar – og mormor var tilsvarande ei pietistisk bondekone.

For meg er det ikkje berre hyggeleg og oppbyggleg å tenkja på dette, men det er også eit vitnemål om kva eit kristent kvardagsliv kan betyr. Den intellektuelle Egil A. Wyller vart åndeleg påverka av den enkle pietistiske bonden, og stod i skuld til denne. Det seier oss noko om kva levd kristenliv kan bety, og det er med det ei utfordring til kristne i alle samanhengar og til alle tider.

På den tida Egil A. Wyller steig fram som filosof rundt 1960, var det filosofiske miljøet her i landet preg av professor Arne Næss. Han stod for det ein har omtalt som analytisk filosofi og logisk empirisme, altså var det heile svært dennesidig orientert og det var lite eller ikkje opning for det åndelege og metafysiske, og i alle fall ikkje for kristen openberringstenking.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Med Wyller si interesse for Platon og hans idélære kom det inn ei heilt anna filosofisk skuleretning, og mange vart dreg med. Det vart ei spenning i det filosofiske miljøet, og Wyller vart nok til tider plassert på eit slags sidespor, men han var så fagleg dyktig at han ikkje kunne skuvast ut av banen. «Det er ikke å ta for hardt i å hevde at Wyller kom til å bli stående som en av de mest toneangivende intellektuelle innen norsk tro og tankeliv helt fra begynnelsen av 1960-årene til i dag», skriv filosofen Tore Frost i ein artikkel i Vårt Land ved Wyllers bortgang.

Wyller kombinerte Platon og hans tenking med kristendommen og den kristne openberringstenkinga. Wyller utvikla ein særleg henologisk filosofi. Det bygde på idélæra hjå Platon, som sa at ein idé ikkje berrre var teori, men realitet, og at alt hang saman. Henologi står for det som har vorte omtalt som «enhetslære». Wyller skreiv mykje om dette, og gav til sist ut ein omfattande henologisk skriftserie på 20 bind. Her kombinerte han einskapstenkinga frå Platon med einskapstenkinga i kristentrua, der alt fell tilbake på Jesus som Ordet. «Det eine» gjekk då over til «Den eine».

Jesus vart orienteringspunktet for alt og den det heile fell tilbake på. Platon vart på sett og vis ein forløpar for Jesus. Det var sjølvsagt kontroversielt i akademiske miljø, men det er tankemessig spenstig. Eit av Wyllers hovudverk ber den karakteristiske tittelen «Enhet og annethet»

Wyller fekk med dette ein markant posisjon som idéhistorikar, filosof og kristen tenkjar. Utgangspunktet i Platon kunne nok føra til at kristendommen vart lite dogmatisk og på nokre området vart tenkinga teologisk flytande, men også samvitsforpliktande. Wyller var mykje oppteken med barnet i mors liv, og han var ein sterk forsvarar av Børre Knudsen.

Ved at Wyller var spesielt oppteken med Platon og antikken, og ved at han kombinerte dette med kristen openberringstenking og Jesus som Ordet, fekk også apostelen Johannes ein sentral posisjon.

Eit utslag av det var at han omsette Johannes openberring frå gresk til norsk, og då med linedeling og oppsett slik han meinte det måtte vera ut frå at skriftet var skrive til opplesing, og han gav nokre korte kommentarar. Dette er originalt, om det enn ikkje er av sterk teologisk karakter.

Det er altså ein særmerkt og sterk åndspersonlegdom og ein markant filosofisk og kristen tenkjar som er gått bort ved Egil A. Wyller. Han har etterlete seg eit omfattande og spesielt forfattarskap, som det er å vona vert lese og henta inspirasjon frå i åra som kjem. Det dreier seg i siste instans om Den eine – Menneskeson og Guds Son.

Les også
Feil om ateisme
Les også
Nå kommer storfilmen om C. S. Lewis’ reise fra ateisme til kristentro