TILTAK: Det er ikkje tvil om at det vil bli spanande tider for KrF framover, og at ein må gjere tiltak dersom vi skal vere den viktige krafta vi meiner vi skal vere i norsk politikk, skriv Trude Brosvik. Foto: Biletet er frå partileiardebatten i Stortinget etter valet førre måndag.

«Du skal ikkje lyge» - har vi gløymt det?

Eg blir både forundra og fortvila når eg ser at fleire «kristne» media og leiarar tek til orde for at KrF skal sjå vekk frå lovnaden til veljarane og gå i regjering med Frp. Det ville vore å lyge folk rett opp i fjeset, øydelegge integriteten til mange av våre flotte tillitsvalde og brulegge vegen til politikarforakt!

Det er greitt at vi kan vere usamde om strategien, men den kampen vart avgjort i landsstyret og landsmøtet. Vi kan ikkje etter valet seie at vi «meinte det ikkje». Heller ikkje maktpolitisk kan ein argumentere godt for det, sidan regjeringa ikkje har fleirtal åleine sjølv om Venstre skulle bli med.

Nokre støttar analysane sine på «TV 2 sin talknusar Sørensen», som har eit reknestykke på kor mange av KrF sine veljarar som har gått til andre parti. Dette rekneskapet er nok noko prematurt, og han gjev oss heller ikkje innsyn i måten tala kjem fram på.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då har eg meir tru på tidlegare leiar Valgerd Svarstad Haugland sin «analyse», der ho seier at KrF sine veljarar er spesielle på den måten at vi er over heile den vanlege høgre-venstreaksen. Og at mange, på begge kantar, ikkje har hatt tillit til at partiet og leiinga vil halde seg til den strategien dei lova. Viss så er, så er i alle fall ikkje det smartaste vi kan gjere for å bygge oppatt den tilliten å, rett etter valet, gå rakt i mot det vi lova før valet.

Eg har også høyrt at nokon prøver seg på å lage mostand mot «Oslo-elite» i denne diskusjonen, og at det er dei som ikkje vil samarbeide med Frp. Slutt med slike tullete påstandar. Underteikna kan neppe kallast «Oslo-elite», og meg bekjent er meiningane ulike både i Oslo og i det såkalla «bibelbeltet». Vi skal heller ikkje gløyme at mange i stortingsgruppa er komne inn fordi folk både i nord og i innlandet har stemt på oss. Ansvaret vårt er å sjå heile landet og ikkje berre eige fylke eller «menighet».

Det er ikkje tvil om at det vil bli spanande tider for KrF framover, og at ein må gjere tiltak dersom vi skal vere den viktige krafta vi meiner vi skal vere i norsk politikk. Eg kan ikkje sjå at det då er eit «vinnarlodd» å starte på ei løgn, la seg kjøpe med eit par taburettar og godta å verte redusert til «borgarleg ­kakepynt».

Det blir tøffe tider å forvalte «vippeposisjonen», fordi begge sider vil friste og kritisere.

Men med å bygge vidare på ­bibelske verdiar der menneskeverd, nestekjærleik og respekt for skaparverket gjennomsyrer ­løysingane og sakene våre, så kan vi ­vere det spesielle og viktige partiet KrF har vore til no.

Les også
KrF-veteran mener partiet mistet kjernevelgere til både høyre og venstre
Les også
– Skepsis til religion kan ødelegge for KrF
Les også
Urealistisk
Les også
Kjære Trine og Knut Arild
Les også
KrF-topp: – Ikke mulig å regjere med Frp