ANKERFESTET: – Ankerfestet for denne planen er ei kobling mellom dåp og skapingsteologi som er heilt feil, meiner Karl Johan Hallaråker. Arkivfoto

- Dramatisk endring av kyrkja sin dåpsteologi

Generalsekretær Karl Johan Hallaråker meiner den nye planen for trusopplæring i Den norske kyrkja er ei dramatisk endring av den klassiske teologien. No ber han biskopane gripa inn.

Den norske kyrkja har hatt eit utkast til trusopplæringsplan kalla «Vi deler» ute på høyring, og er noe inne i vureringsfasen. Planen omfattar heile barne- og ungdomstida frå null til 18 år.
Generalsekretæren i Indremisjonsforbundet er både uroleg for og opprørt over innhaldet i den nye planen.
- Ankerfestet for denne planen er ei kobling mellom dåp og skapingsteologi som er heilt feil. Medan vi i klassisk luthersk teologi koblar dåp og frelsesteolgi, er det ikkje snev av frelse i denne planen. Du vert døypt fordi du er skapt av Gud, og dåpen vert ein rite og ei feiring av det nyfødte og nyskapte barnet, seier Karl Johan Hallaråker.

Manglar frelsesaspektet

Han peikar på at dåpen er eit nådemiddel til frelse.
- Men når dåpen ikkje vert kobla saman med lov og evangelium, vert det lite snakk om nåde for synd og behov for frelse. Dette er ikkje berre ein nyanseforskjel, men ein grunnleggjande skilnad i dåps- og frelsessyn, seier Hallaråker.
I ein ledarartikkel i bladet Sambåndet analyserer han den nye trusopplæringsplanen. Der skriv han:
«Vi trudde at målet for trusopplæringa var at borna skulle læra Jesus å kjenna og få hjelp til å bli hos han.» Men i den nye planen er Jesus mest heilt fråverande.
- Det er ikkje noko språkbruk for Jesu frelsesverk i denne planen. Alt her er retta inn på skaping og ikkje på frelsessida. Då sit vi att med ei heilt anna teologisk tenking enn den klassiske lutherske teologiske tenkinga som har lagt til grunn i kyrkja til no, seier Hallaråker.

Ikkje synd og nåde

I ledarartikkelen i Sambåndet skriv han:
«Vi saknar klar formidling av den sentrale bibelske bodskapen om synd og nåde som kan hjelpa born og unge til å kvila i evangeliet som frie og frimodige Guds born. Dersom dette blir endeleg, har Den norske kyrkja forlate reformatorisk kristendomsforståing i si trusformidling til born og unge.» Han karakteriserar planen som «almennreligiøs dåpsteologi« der tanken er «ein gong døypt alltid frelst».
Hallaråker set no sitt håp til at biskopane set foten ned for dette.
- Dei kan ikkje la denne tankegangen siga inn i kyrkja. Då har dei forandra det teologiske grunnlaget dramatisk, seier indremisjonsgeneralen.

Større gap

Og vert denne planen vedteke vil det gjera gapet mellom kyrkja og Bedehus-Norge betydeleg større enn det er i dag, legg Halleråker til.
- Då er vi klare til å ta ansvar og tilby eit alternativ som byggjer på det klassiske lutherske grunnlaget for dåp og opplæring som kyrkja har hatt sidan reformasjonen, seier Hallaråker.