Døyr fe, døyr frendar

Vi snakkar om like mange barn som det er innbyggarar i Norge, kom kan kome i livsfare og i fare for å bli varig skada av underernæring.

Eg er i Etiopia. Her er 10 millionar menneske i livsfare, dersom vi ikkje straks gjer alt vi kan for å hindre den verste svoltkatastrofen i landet på 30 år.

Det er ein enorm overgang. Frå norske julebord, pinnekjøt, ribbe, marsipangrisar og gode forsett for det nye året. Til ei varsla katastrofe med enorme dimensjonar i dette folkerike jordbrukslandet på Afrikas horn. Tørken har øydelagt avlingar og tørka inn vasskjelder. Resultatet er at avlingar uteblir, kyr og anna buskap er så avmagra at dei gir hverken mjølk eller mat. Først døyr dyra. Så døyr menneska.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg avDagen.

 

Styresmaktene i Etiopia har varsla at 10,2 millionar menneske kan kome i kritisk mangel på mat i løpet av årets første månader. Over halvparten av desse er barn. Vi snakkar om like mange barn som det er innbyggarar i Norge, kom kan kome i livsfare og i fare for å bli varig skada av under­ernæring.

Alle som hadde tilgang på ein tv tidleg på 80-talet vil hugse bildene av dei utmagra barna med oppblåste magar. Mange kan enno refrenget på låtane som blei laga av Band Aid, med sir Bob Geldof i spissen.

Heldigvis er Etiopia eit anna land i dag, og betre rusta til å handtere ei slik krise. No tar styresmaktene grep om den akutte situasjonen, og har varsla at dei at dei treng hjelp utanfrå for å hindre at millionar av menneske døyr. Dei har bedt om økonomisk støtte frå verdssamfunnet på over åtte milliardar norske kroner. Krisa er av FN omtalt som ein av dei tre mest akutte krisene, saman med Syria og Jemen.

Sidan september har våre folk i Etiopia arbeidd med denne krisa, og utvidar no innsatsen for å reparere brønner og forbetre vasskjelder slik at folk og fe får tilgang på livsnødvendig vatn. Ein del av pengane som kom inn under tv-aksjonen i 2014, «Vann forandrer alt», var sett av til prosjekt i dei same områda som no er hardt råka; det gjer kriseinnsatsen vår ekstra effektiv.

Ein av dei fortvila fedrene vi møter her, er 66 år gamle Dagne, han er bonde i Washa i Ankober-regionen. Familien hans på ni har måtte kutte ned på antal måltid for å klare seg. Mange familiar lever no på eitt måltid om dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Denne tørken er den verste eg har opplevd på svært mange år. Vi er avhengige av dyra våre for å overleve. Dersom dei døyr, blir det vanskeleg for oss å overleve, seier han.

Dagne har mista 35 av kyrene sine og står no igjen med berre to. Han håpar at det vil regne snart, slik at dei to siste dyra overlever.

Men det har ikkje regna sidan september. Så langt i år har titusenvis av husdyr krepert på grunn av tørken, ifølgje styresmaktene. Dei forventer at mange fleire dyr vil døy.

Bøndene i Etiopia har blitt nøydde til å venne seg til endringar i klimaet, og at regnet kjem til uvante tider, eller uteblir, slik det no har gjort. Kirkens Nødhjelp har eit omfattande arbeid i landet for å lære bøndene nye måtar å dyrke jorda på, og sikre avlingane. Men no er det verfenomenet El Niño som gjer situasjonen verre enn på mange tiår. El Niño oppstår på grunn av at vatnet i Stillehavet blir varma uvanleg mykje opp, og forårsakar meir ekstremver.

Sjølv om regnet skulle kome snart, er bonden Dagne redd for at også neste hausts avling står i fare.

– Eg har mista begge oksane mine. Eg veit ikkje kva eg skal gjere.

I slike kriser døyr dyra først, dei er sjølve livsgrunnlaget og livsforsikringa for folk på landsbygda. Så i tillegg til akutt vassmangell, underernæring og fare for å lide sveltedøden, er det ikkje råd å leve utan å svelte eller flykte, også når denne krisa måtte vere over.

Nokre kilometer frå Washa, ventar nokre kvegeigarar på kjøparar. Til ingen nytte. Prisen på kveg har gått drastisk ned, av den enkle grunn at det er uråd å finne fôr til dyra. I motsetnad har prisen på mat nesten dobla seg. Mandefro, far til fire, fortel oss at han håper å kunne selge dei utsvelta kyrne til halv pris, slik at han kan skaffe korn til familien.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Følg Dagen på Facebook og Twitter